Blank spot

Hopp til menyen


London

Mandag 23. Juni, 2003

I dag vakna vi friske og opplagde … Vi vakna, tok ein dusj i svært tvilsame omgivnader, åt frukost nede på kjøkkenet. Det var ein lett frukost, med tynne grovskiver (eller lyse, om ein ville) med syltety, litt kaffi og juice. Ein raudmussen mann, som tydelegvis styrte staden, gjekk mellom borda, prata og rydda. Det latar til å bli ein varm dag i byen, sa han og heldt fram med ryddinga. Så pakka vi sakene våre, kjøpte eit kart i resepsjonen og drog ut for å leite etter ein ny stad å bu. Og jammen var det ikkje varmt ute!

Vi drog først til St. Pancras YHA Hostel, som var eitt av dei som herberga som låg nærast, og som dessutan var med i Hostelling International. Det var eit svært kontorbygg med ein stor kontorbyggresepsjon. Det såg fint og flott ut — og det var fullt. Men uansett så var det like dyrt å bu i sovesal der som å bu i firemannsrom på Ashlee House.

Etter litt fram og tilbake, vart vi til slutt einige om å snu og bu på Ashlee House i ei natt til, men denne gongen i sovesal. Som sagt, så gjort og vi var snart på veg att for å gjennomføre ein walking tour som det stod skrive om i reiseboka vi hadde med. Men først: Mat. Etter ein så lett frukost byrja vi allereie å bli ganske svoltne. Vi stoppa ved ei lita indisk sjappe for å kjøpe påsmurte brødskiver.

Første stopp på rundturen var St. Pauls Cathedral, eit gigantisk bygg utsmykka med all slags monument. Akkurat då var mykje av bygget skjult bak plast og stilas for oppussing. Då vi kom inn slo det oss at dei fleste, eller nesten alle, av skulpturane og minnetavlene i katedralen var relatert til ei krigshistorisk hending. Vi tok til og med turen opp dei mange trappene opp til toppen av kuppelen og fekk ei fin utsikt utover London langs Themsen. Vi brukte lang tid her, og fekk til og med med oss eit guttekor som sang i kyrkja.

Vidare gjekk vi over Millennium-brua rett sør for kyrkja, mot Tate Modern. Utanfor muséet stod det to store, oppblåsbare figurar og gynga lett i vinden. Den eine var svart og danna inngangpartiet til bygget, som ein gong skal ha husa eit kraftverk. Den andre figuren var lyserosa og stod heilt for seg sjølv, midt ute på ein plen. Vi var ikkje klar for moderne kunst og kjøpte heller noko drikke utanfor muséet.

Vidare gjekk vi nedover langs Themsen, forbi ein liten marknadsplass mot London Eye. Denne store pariserhjulliknande strukturen skal visstnok gje folk ei unik utsikt. Vi fekk ikkje vite det, vi følte ikkje for å bruke pengar på sånt då. Så vi heldt fram rundturen vår.

Vi drog over den nye Hungerford-brua, gjennom Charing Cross-stasjonen i retning Covent Garden. Der hadde folk stimla seg rundt ein av dei mange gaterartistane som held til i området. Vi var ikkje så interessert i dette, så vi gjekk rundt og såg på alle dei morosame bodene og butikkane som låg i området. Ved eit hoppestativ, av den typen der ein er festa til strikk og hoppar himmelhøgt opp og ned i trampoline, rakk Ellen å irritere seg grøn over ein gut som ikkje tok sats i trampolina. Dermed måtte dei som var ansvarlege stadig dra i strikken guten var festa i for at han skulle sprette opp og ned.

Vi gjekk vidare rundt og såg på tryllekunstnarar, mimeartistar og musikarar. Rundt omkring stod òg noko som kanskje var politi i sivil og passa på. Men likevel følte eg at eg måtte passe ekstra godt på, med tanke på lommetjuvar.

Rundturen heldt fram og neste stopp var Leicester Square. Der stod vi snart i kø ved ei av dei mange billettlukene for å få oss billige billettar til ein musikal. Det var fleire å velje mellom, men førstevalet vårt vart til slutt «Les Misérables». Dei einaste billettane som var att til framsyninga i kveld var for plassar heilt øverst og bakerst. Ok, sa vi. Det var trass alt dei billigaste billettane òg. Men no var det på tide med mat. Vi endte opp i ein pizza-restaurant med utsikt til Leicester Square. Men no byrja det bli knapt med tid. Vi hadde trass alt ein musikal å nå.

Vidare gjekk turen gjennom Piccadilly Circus, mot St. James' Palace. Der vi hadde ein kjapp fotosesjon med vaktene (du veit, dei som står rett opp og ned og ikkje ensar deg). Vi rusla vidare mot >Buckingham Palace. Plassen utanfor krydde av turistar som tok bilete. Vi sette oss ved monumentet i krysset utanfor palasset og såg nedover The Mall, som minna mykje om Karl Johan i Oslo. Langt der nede kunne vi skimte Admiralty Arch.

Nedover forbi flotte St. James' Park, såg vi ei jente i ten-åra som prøvde å ta bilete av eit ekorn. Det endte med at ekornet hoppa opp på leggen til jenta, til hennar skrekkblanda fryd. I parken låg det òg folk som klinte så intenst at dei nok burde finne seg eit rom. Men ikkje så lenge etter parken dukka brått Westminister Abbey framføre oss. Men før vi fekk passere måtte Ellen leike fotograf for eit par britiske turistar framfor kyrkja.

Fleire flotte bygg følgde. Rett bak låg nemleg Houses of Parliament med det velkjende klokketårnet Big Ben. Men no var det på tide å snu og dra tilbake for å rekke musikalen. Vi drog oppover til Palace Theatre, der musikalen er blitt spelt i fleire år.

Utanfor inngangen lyste plakaten mot oss. Vi hadde definitivt kome til rett stad. Vaktene ved døra viste oss opp til tredje etasje. Vi gjekk opp trappene og forbi baren i tredje. Deretter viste det seg at vi måtte opp fleire trapper. Endeleg kom vi ut til stolradene, og vi byrja å le begge to. Vi sat så høgt oppe at vi nesten kunne ta i taket. Det var så trangt mellom dei raude stolane at vi kunne slå knea i bakhovudet på dei som sat framføre oss. Det var så varmt at vi byrja sveitte allereie før vi sette oss. Og langt, langt der nede kunne vi sjå scena. Det kom mange andre og skulle setje seg i same seksjon, og dei fleste reagerte som oss, med latter. Det verka som om mange som var der oppe var unge reisande.

Men sjølv om vi såg heile musikalen ovanfrå og det ikkje alltid var like lett å skilje skodespelarane frå kvarandre, så var det ei flott oppleving. Men jammen var det godt å kome ut i den relativt kjølige nattelufta etterpå. Det var blitt mørkt ute og musikk strøymde frå kvar serveringsstad langs vegen. Vi stakk innom ein liten travel supermarknad og handla litt nattmat, før vi tok metroen heim. Og du verden så enkelt! Metroen verkar som ein genial ting. I allefall når ein ikkje har det travelt og det ikkje er rushtid.

Dette har vore ein topp dag. Vi har sett så utruleg mykje! Vi har vel kome fram til at vi dreg vidare til Frankrike i morgon. Vi får finne ut korleis vi kjem oss til Dover, der vi skal ta ferga til Calais. Apropos ferge, vi kjenner framleis litt lett gynging no og då.

Interrail 2003

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald