Blank spot

Hopp til menyen


Newcastle—London

Søndag 22. Juni, 2003

Dårleg med svevn i natt. Uvant gynging, smelling i dører (vi låg heilt ved utgangen) og andre faktorar var med på å gjere natta til ei lang affære. Som nemnd tidlegare, så har vi ikkje akkurat vore heldige med båtreisene våre.

Skipet skulle vere i havn i England før halv fem på ettermiddagen, så vi hadde mest heile dagen å slå i hel på båten. Men kva skulle vi finne på? Vi spelte kort, eit terningspel som heiter «ti tusen» og vi sleit ut eit allereie slitt fussball-bord. Då det framleis var fleire timar til vi skulle i land, fann vi ut at det var på tide med litt avansert underhaldning. Så vi kjøpte to billettar til den lokale kinoen, som akkurat då viste X-Men 2, ein film vi allereie hadde sett.

Kinoen i botnen av skipet var ikkje noko imponerande syn, med eit bittelite lerret med ein matchande prosjektør. Prosjektøren hadde forresten dårleg kontrast og teksten AV1 - Video hadde tydelegvis brent seg inn. Lyden var ikkje så imponerande heller, då ein så vidt høyrde kva skodespelaren sa i motorduren. Det mest imponerande var faktisk smella av bølgjene som smalt mot skroget. Og etter kvart vart det berre fleire av dei.

Så var filmen ferdig og vi gjekk rastlause rundt i skipet, som lata til å rulle meir og meir. Ungar låg strødd rundt i gangane, mange av dei var grøne eller gråbleike i andletet. Eg og Ellen merka ikkje så mykje av sjøen, men gjekk likevel frå den eine veggen til den andre bortetter gangane. Vi hadde prøvd å planlegge kva vi skulle gjere, når vi kom fram. No visste vi kva vi skulle sjå i London, men vi var ikkje sikker på om vi skulle tilbringe ein natt i Newcastle for så å dra vidare, eller om vi skulle dra direkte til London. Vi skulle høyre på stasjonen når vi kom dit. Så var det på han att med kortspel og terningspel.

Endeleg framme, med fast grunn under føtene. Vi tok ein dobbeltdekkar til stasjonen i Newcastle, på venstre side av vegen og forbi mange små murhus, som alle såg heilt like ut. På stasjonen fann vi ut at toget tok om lag to og ein halv time. Vi ville vere framme i åtte-tida om kvelden. Det vart bestemt: London neste!

Toget gjekk kjempefort og der sat vi, oppå sekkane våre ved utgangen. Det var fullt i toget ellers, så det sat ein ung mann i blåskjorte og dressbukser på stresskofferten sin der ute òg. Han sat og las på den nyaste Harry Potter-boka som vel har kome ut på denne tida. Forbi raste jorder, små murhus og garder som minte om gamle britiske filmar. Det var rart å tenkje på at vi faktisk var i Storbritannia.

Då vi var framme ved Kings Cross-stasjonen nord i London var det mørkt ute. Vi bestemte oss for å nytte den store reisehandboka vi hadde med oss for å finne overnattingsstad. Så rusla vi ut av stasjonen og ut i den mørke, varme London-kvelden. Det var mange vegar å velje mellom, men vi bestemte oss for å finne den næraste. Litt fram og attende mellom slitne turistar og alkoholikarar, før vi endeleg kom fram til målet: Ashlee House. Vi trykka på ringeklokka og tok tak i den tunge glasdøra då det summa i låsen.

Inne i den moderne dekorerte resepsjonen, med kvite veggar og det berømte motivet av metro-nettverket midt i mot, vart vi møtt av ein lys sveitt mann med australsk aksent. Vi bad om eit dobbeltrom. Resepsjonisten sa det var ganske fullt, men at han skulle ordne det for oss. Han verka noko stressa og det endte til slutt med at vi fekk eit firemannsrom for oss sjølve. Greitt nok, det er trass alt litt billegare. Og i morgon skulle vi likevel prøve å finne noko som var enda billigare.

Etter å ha satt frå oss sekkane, drog vi snart ut att for å handle inn litt kveldsmat. Eg hadde sett ein liten supermarknad som var open på vegen og vi gjekk dit, kjøpte koppnudlar, potetgull og brus før vi rusla attende til herberget. Nede på kjøkkenet sat det fire ivrige karar og såg på TV, eit program med morosame heimevideoar. Dei lo, høgt, og ensa vel berre så vidt at vi var innom kjøkkenet. Vi tilbereidde nudlane, åt, lo litt innimellom og gjekk att. I rommet ved sidan av var det ei sofagruppe og tre datamaskiner. Alle maskinene var i bruk, tre jenter sat djupt konsentrert over tastane. Ein gut sat i sofaen og las ei bok. Vi sa hei, og gjekk opp på rommet att.

Vi er slitne no. Det gyngar framleis litt no og då etter turen i båt. Rommet vi har fått er trangt, varmt og klamt, med utsikt til bakgarden. Men det gjer nytta si, og vi skal no sove i Storbritannia for første gong i våre liv.

Interrail 2003

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald