Blank spot

Hopp til menyen


London—Paris

Tirsdag 24. Juni, 2003

I dag vakna vi til ein varm og solfylt dag, og den siste dagen i Storbritannia. �yreproppar er ein fin ting. Frukost p� kj�kken, igjen med bestyraren som gjekk rundt og prata med alle om laust og fast. Vi sov i sovesal med ti andre i natt, og vi sov godt. Prata litt med guten som l�g i overk�ya over meg, ein amerikanar som var p� veg nordover til Skottland. Han hadde vore i Paris nokre veker tidlegare og hadde f�lgjande � seie om byen: It's easy to have a good time and it's easy to have a bad time in Paris. Vi h�pa p� det f�rste.

Vi pakka sekkane v�re og etter litt rettleiing tok vi metroen til Victoria Station, der vi skulle ta toget vidare til Dover. Metroen er framleis genialt enkel, sj�lv om vi i dag opplevde meir trengsel og klamme tog i varmen.

Snart var vi p� veg til Dover. Timane i toget vart nytta til kortspel, prating og litt ein liten blund. Utanfor lyste sola varmt. Endeleg framme i Dover, fekk vi skyss med gratisbussen til ferjekaia, som viste seg � vere eit sv�rt anlegg ved den engelske kanalen. Etter � ha kj�pt billettar til ferja, veksla vi det vi hadde av engelsk valuta til euro (�), gebyrfritt! S� m�tte vi ta buss inn til ferja. Vi k�yrde rundt i kaianlegget i fem-ti minutt f�r vi kom fram.

Ut p� b�lgjan bl� bar det med oss. B�tar er keisame. H�gdepunktet p� turen var � spele «Time Crisis 2». Ellen overlever alltid lengst. Vi tok oss r�d til eit par-tre spel. S� gjekk vi rundt i b�ten med sekkane p� ryggen. Men p� veg inn i taxfree-butikken byrja alarmen � pipe. Det viste seg � vere whiskey-flaska eg kj�pte i b�ten fr� Bergen. Men dum som eg var gjekk eg ut av butikken i andre enden, s� det byrja pipe og sikkerheitsvakta som stod der hadde ikkje f�tt med seg at eg utl�yste alarmen p� veg inn. S� inn att i butikken (pipipip) og bort til vakta ved den andre utgongen. Mykje piping for ei halv halvflaske whiskey.

Vi sette oss til slutt ned, der vi observerte ein noko overvektig unge ligge p� golvet. Vi var nok ikkje det einaste som hadde lagt merke til den lille store jenta, der ho l�g og skreik. S� var det opp og springe litt, f�r ho igjen l�g p� golvet og hylte. Nokre karar som sat ved sidan av oss, byrja snakke med kvarandre d� det verka som om det byrja roe seg. D� fekk vi eit lite innblikk i kva som kanskje venta. Alle tre prata ivrig og h�glytt — p� fransk — s� vi forstod ingenting. Vi var endeleg framme.

Calais verka som ein ganske roleg liten by. Sola skinte her �g. P� den lille togstasjonen fekk vi pr�vd oss p� litt av den fransken vi hadde lest om i lommeparl�ren v�r: Bonjour. Parlez-vous anglais?. Det gjorde ho heldigvis. Dama bak luka gav oss fortalde oss at vi m�tte bytte tog i Lille p� veg til Paris. Fr� Lille gjekk det eit Eurostar-tog, som ein treng plassbillettar til. Vi kj�pe ein sandwich med jambon et fromage f�r vi hoppa p� toget.

Det var blitt m�rkt i Paris og klokka var over elleve. F�lgde reisehandboka v�r og tok metroen til omr�det der herberget vi hadde vald ut skulle ligge. Etter � ha surra rundt og spurt fleire (dei fleste snakka ikkje engelsk), s� fekk vi endeleg hjelp av tre jenter som viste oss vegen. Diverre var herberget fullt, og mannen i d�ra sa han visste om eit anna herberge i n�rleiken som �g diverre var fullt. Vi byrja ane ur�d. Det var seint og vi gjekk rundt og leita etter overnatting midt i Paris, midt i h�gsesongen.

Etter � ha g�tt rundt i eit par timar, byrja Ellen � gje uttrykk for sin frustrasjon. I desperasjon spurte vi etter overnatting i hotell, som �g var fulle. Vi gjekk til n�raste telefonkiosk. Der fann vi fram reisehandboka att og byrja ringe rundt. Herberge etter herberge fortalde at dei var fullbooka, f�r vi endeleg fekk napp. Eit herberge kunne halde av eit to-mannsrom i ein time. Vi skunda oss attende til metroen.

Endeleg! Etter ein kort spasertur gjennom trange gater, stod vi utanfor «Young & Happy». Gjett om vi var glade! I resepsjonen, som �g fungerte som bar, sat det andre reisande og tok seg ein kald �l i denne varme Paris-natta. Ein ung gut med m�rke kr�llar �nskte oss velkomen. Eit positivt f�rsteinntrykk, sj�lv om vi fekk utdelt feil n�kkel f�rst. I rommet vi l�ste opp l�g det nemleg sekkar og handklede allereie. Ellen gjekk ned til resepsjonen og med seg opp att hadde ho ein forvirra resepsjonist. Han s�g inn i rommet, tenkte seg om og henta ein ny n�kkel. Denne gongen var rommet tomt.

Vi bur no i tredje etasje, i eit slitt rom med tynne morkne madrasser i k�ysenga. Utsikta til den trange gata er sjarmerande. Vi sp�kte litt med at enkelte vener av oss, sikkert ikkje hadde takla � sove her. I dag skulle vi nok heller �nske at vi var ute i sola enn � sitte i tog, buss og b�t i heile dag. Reknar at nokre dagar g�r bort i reising. Men vi har heldigvis f�tt overnattingsplass og vi har l�rt ei lekse: Ring og reserv�r p� f�rehand!

Interrail 2003

Forrige | Neste



S�k


Om meg

Innhald