Blank spot

Hopp til menyen


Om Blankspot.org

Desse sidene er laga og vedlikehaldne av Jesro Christoffer Cena på hobbybasis. Takk til Karl Ove Hufthammar og hans sider, www.gratis-kvalitetsdataspel.org, for sideoppsettet.

Innhaldet

I sjølve teksten vil de kunne finne mykje metadata, til dømes forklaring på forkortingar og koplingar. Nokre nettlesarar gjev deg tilgong til denne informasjonen ved å halde muspila over tekst (gjerne markert med ei prikka linje og enkelte bilete).

Innhaldet i nettstaden kan ein óg nå ved å bruke følgjande RSS-filer:

Statistikk

Statistikken til sidene mine er ikkje akkurat imponerande lesning. Eg nyttar AWStats, eit gratis verkty for å analysere loggfila til denne nettstaden. Statistikken blir oppdatert ein gong i timen og er omset til nynorsk av Karl Ove Hufthammar.

Litt om det tekniske

Sidene er skrivne etter W3C sine spesifikasjonar for XHTML 1.1. XHTML er ei omforming av HTML 4.01 til XML-formatet.

For å kunne presentere innhaldet på ein ordentleg måte, har eg nytta CSS nivå 2. For tida har eg tre ulike stilark: for skjerm, utskrift og prosjektør/presentasjon. Nettlesaren til Opera Software, Opera 6.05/7b, er ein av nettlesarane som støttar CSS best, og kan utnytte alle tre stilarka, den siste ved hjelp av fullskjerms-funksjon.

Nokre av sidene er sett saman ved hjelp av PHP, eit skriptspråk på tenar-side. Saman med PHP, har eg nytta XML for å halde styr på alle sidene. Programvare for å køyre PHP får ein gratis på PHP.net

Gjesteboka har eg laga frå botnen av med PHP og XML. Her fekk eg hjelp av Joakim Hjertås med dei siste detaljane.

Innhaldet i denne nettstaden er merka ved hjelp av PICS - Platform for Internet Content Selection. Eg har nytta ICRA og SafeSurf for å hjelpe meg med dette. Merkinga finn du på opningssida og er mellom anna til hjelp ved filtrering/sensurering av sider.

Spenix.com

Serverplass blir levert av Spenix.com, eit firma som er basert i Ellesmere Port, Storbritannia og leverer vevhotell og tenester i høve til desse.

Hjelpemidla

For å lage desse sidene har eg nytta følgjande:

Grunnstrukturen til sidene er laga med tekst-editoren HTML-kit. Dette programmet støttar fargekoding av HTML, XML, CSS og fleire skriptspråk og best av alt: det er gratis! Det har innebygde validerings- og autoutfyllingsfunksjonar og kan utvidast ved hjelp av ferdige eller eigenproduserte plug-ins.

Til oppdatering og publisering av sidene mine, nyttar eg det nettbaserte publiseringsverktyet Movable Type. Dette er eit Perl-basert system som er gratis for ikkje-kommersielle nettstader, med visse begrensingar. Dermed kan eg no tenkje meir på innhald og mindre på strukturen i sidene mine.

All grafikken er handsama med GIMP, GNU Image Manipulation Program, kjend for dei fleste som nyttar operativsystemet Linux. Bilethandsamingsprogrammet er svært avansert og blir fritt distribuert. Det finnast òg ein versjon av GIMP for Windows.

Sidan denne nettstaden er skriven etter gjeldande vevstandardar, så skal sidene kunne visast i alle nettlesarar, til og med slike som Lynx og NCSA Mosaic 3.0. Men sidene vil sjå best ut i nettlesarar som støttar standardane. Dei nettlesarane som i skrivande stund støttar vevstandardar best er:

Eg ønskjer ellers tilbakemeldingar om du skulle ha problem med sidene.

GeoURL


Søk


Om meg

Innhald