Blank spot

Hopp til menyen


Curriculum Vitae

Jesro Christoffer Cena, f. 21.03.1978

Adresse

Trollveien 26A
1535 MOSS

Telefon

Tlf.: 55 28 45 18
Mob.: 913 05 023
Fax: 914 28 862

Internett

WWW: http://www.blankspot.org/
E-post: chris cena@blankspot org

I dag

Sjukepleiar på deltid og student på heiltid

Barneklinikken post 5
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Eg har for tida eit vikariat som sjukepleiar på deltid. Denne posten er to-delt, «Aust» og «Vest», der «Aust» tek hand om barn med kreft og blodsjukdomar. «Vest» tek seg av barn med lidingar innan endokrinologi/metabolisme, nefrologi/revmatologi og gastrologi/ernæring. Har sidan hausten 2002 jobba i ei 49,7% nattevaktsstilling, som i januar 2005 vart redusert til 40%. Arbeider hovudsakleg på «Vest».

Høgskolen i Bergen
Postboks 7030
5020 Bergen

I tillegg til å jobbe deltid, tek eg no ein bachelorgrad i ingeniørfag ved institutt for data, Høgskolen i Bergen. Eg byrja på studiet hausten 2002 og er no i gong med 3. året, der eg har valgt å følgje studieretninga for datateknikk. Hovudprosjektet er utvikling av eit webpubliseringsverkty for Mediesenteret.

Arbeidserfaring

1999-2002: Sjukepleiar, deltid

Barneklinikken post 5
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Vikariat som sjukepleiar på deltid. Jobba i ei 70% nattevaktsstilling etter å ha jobba om lag 1,5 år i turnus med 49,3%-stilling på natt og 20,7%-stilling på dag, totalt 70%. Arbeidde hovudsakleg på «Vest» (sjå ovanfor).

1999: Sjukepleiar, ferievikar

Barneklinikken post 5
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Ved onkologisk seksjon. Eg jobba som sommarvikar i 100%-stilling med barn i alderen 0-15 år (sjå ovanfor).

1998-1999: Pleieassistent, ekstravakter/ferievikar

Barneklinikken post 5
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Ved både medisinsk og onkologisk seksjon. Eg jobba med barn i alderen 0-15 år (sjå ovanfor). Tok ekstravakter og jobba ein sommar under studietida.

1998-1999: Pleieassistent, ekstravakter

Kirurgisk avdeling post 2
Haukeland Universitetssykehus
5021 Bergen

Jobba ved kirurgisk avdeling post 2, som hovudsakleg er den urologiske posten ved Haukeland Sykehus. Vanlege diagnoser: prostatakreft, testikkelkreft.

1997-1999: Studentvakt, deltid

Biblioteket Haukelandsbakken
Høgskolen i Bergen
5009 Bergen

Skrankearbeid med utlån/innregistrering. Erfaringar med den UNIX-baserte bibliotekstenesta BIBSYS. Utplassering av bøker.

1997-1999: Studentvakt, deltid

Høgskolen i Bergen
Avd. for helse- og sosialfag
5009 Bergen

Ansvar for lokala til skulen etter kontortid. Klargjering av klasserom til aktivitetar dagen etter. Låsing ved stengetid.

1996-1997: Pleieassistent, ekstravakt

Kolstihagen Sykehjem
5030 Landås

Ved korttids- og rehabiliteringsavdelinga med mindre pleietrengande eldre, avlastingsopphald og eldre under rehabilitering etter sjukdom/skade.

1996-1999: Pleieassistent, ferievikar/ekstravakt

Stranda Sjukestove
6200 Stranda

Ved kommunal sjukeheim for eldre pleietrengande og lukka avdeling for aldersdemente.

Utdanning

1996-1999: Offentleg godkjend sjukepleiar

Høgskolen i Bergen
Sjukepleiarutdanninga
5009 Bergen

3 års utdanning ved Høgskulen i Bergen. Til saman om lag 56 veker sjukepleiepraksis mellom anna ved Haukeland Sykehus.

1993-1996: VK II Allmenne fag

Stranda vidaregåande skule
6200 Stranda

3 års vidaregåande utdanning med 2 års fordjuping i matematikk (3MN), fysikk (3FY) og kjemi (3KJ).

Kurs og liknande

Oktober 1997: Organisasjonskurs (3 dgr.)

Studentenes Landsforbund

Tale- og debatteknikk, møteførebuingar, møteteknikk, presentasjonsteknikkar, lover og reglar, saksgang i høgskulesystemet.

April 1997: Brannvern grunnopplæring

Bergen Brannvesen

Brann og brannårsaker, brannførebyggjande tiltak, varsling og varslingssystem, redding og rømming, praktiske øvingar.

Februar 1998: 12 timars grunnkurs i avanserthjarte-lungeredning (2 dgr.)

Norsk Luftambulanse

Basal HLR vaksne, hjartearytmiar, AHLR behandlingprotokoll, intubasjonsteknikk, defibrillering, samansette øvingar.

Friviljug arbeid

1998-1999: Informasjonsansvarleg

Studentrådet Haukelandsbakken
Høgskolen i Bergen
5009 Bergen

Ansvar for informasjonsflyt frå studentrådet til studentar. Starta og dreiv internavis og internettside med informasjon til studentane frå studentrådet og administrasjonen.

1998-1999: Medarbeidar

Høgskuleavisa Hibiscus

Artikkelforfattar/journalist i studentavisa for høgskulen.

Språkkunnskapar

  • Norsk, flytande munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk)
  • Engelsk, godt munnleg og skriftleg
  • Tagalog/Filipino, noko munnleg

Annan kompetanse

Førarkort

Klasse B.

Eg har erfaringar med følgjande programmerings-/skriptspråk

  • C++
  • C#
  • Java
  • PHP
  • Shell-skripting
  • Visual Basic .NET

Eg har erfaringar med følgjande plattformar

  • FreeBSD
  • Linux
  • Windows 1.03-XP
  • Windows Server 2003

Referanser

Ta kontakt med meg for referanser.

Interesser og aktivitetar

  • Nettsideutvikling (sjå nettsida).
  • Musikk, tidlegare aktiv innan korps, jazz- og storband. Har då spelt tuba og trommer. Driv óg med andre instrument.
  • Basketball, sykling og friluftsliv

Søk


Om meg

Innhald