Blank spot

Hopp til menyen


Litt om Jesro Christoffer Cena

Det har vist seg å vere svært vanskeleg å skrive om meg sjølv. Men eg har gjort fleire forsøk, og kjem nok til å prøve eit par gonger til. Her er eit forsøk i alle fall.

Eg heiter altså Jesro Christoffer Cena, er ein 78-modell som for tida er busett i Bergen. Her jobbar eg som sjukepleiar på Barneklinikken ved Haukeland Sykehus. Eg kjem eigentleg frå Stranda, ei lita bygd på Sunnmøre som er mest kjend for Grandiosa-pizza og møblar. Namn og utsjånad har eg arva av foreldra mine som begge kjem frå Filippinane. Meir om dette seinare…

Eg bur saman med Ellen Hersleth, ei utruleg søt og blid jente på 25 år. Ho jobbar óg som sjukepleiar, ved ortopedisk avdeling på Haukeland Sykehus. Vi har budd i ei lita leilegheit her i Bergen sidan februar 2001 og storkosar oss saman. Ellen er opprinneleg frå Våler i Østfold, der ho vaks opp på garden Kjesebotn.


Søk


Om meg

Innhald