Blank spot

Hopp til menyen


Skuravatnet revisited

Tirsdag 09. Juli, 2002

I går gjekk turen til Skuravatnet, over myrer og gjørmete stiar. Ein tur eg har gått mange gonger før, i min barndom, men for Ellen var dette første gongen. Turen er kort og grei og gjev fin utsikt over Stranda sentrum og fjorden.

Sjølv om skyene verka truande, klarte dei likevel å halde att dei verste regnbygene til vi var trygt heime. På veg nedover hadde vi plumpa i fleire gjørmehol og fann derfor ut at vi skulle skylje skoa våre. Deretter kunne vi vandre vidare akkompagnert av ein artig surklelyd.

Bilete , Sommaren 2002

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald