Blank spot

Hopp til menyen


Eit vellukka 50-årslag

Mandag 08. Juli, 2002

No er enda ein stor fest over, og alle er på veg heim, nokre meir ustødige i ganglaget enn andre. Selskapet, med nærare 80 gjestar, fann stad på Storfjord kulturhus laurdag 6. juli. Etter ein noko stressa start, så kom vi oss gjennom det heile og sit att med ein masse minner.

Det dei fleste nok vil hugse er all den gode maten! Ni ulike rettar (ikkje medrekna desserten) gav oss nok å velje i mellom. Pappa sin gamle veninne, Gloria, stod for herlegheita som gåve i høve 50 årsdagen til far.

Deretter var det taler og innslag av fleire av gjestane. Sist, men ikkje minst, dans og karaoke. Utruleg koseleg å treffe så mange menneske, og kjende ansikt. Berre så synd at det alltid vil vere nokon ein ikkje får snakka like mykje med som andre. Etter festen trengde vi heile søndagen på å kome oss.

Sommaren 2002

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald