Blank spot

Hopp til menyen


Blå bord og vårrullar

Tirsdag 16. Juli, 2002

Stor shoppingdag for Ellen. Ho er no to sandalar og ein trillekoffert rikare. Men blir det noko att til Lofoten? Taim vill sjåvv.

Vi var på kafé i livlige(?) Moss med ein kamerat av Ellen, Stian. Kaféen, «De Blå bord», var koseleg den, sjølv om utsikta til kornsiloane ikkje akkurat var mykje å skryte av.

Mat, mat og meir mat

Så var det middagstid, og vi hadde lova å lage vårrullar. Ellen er etterkvart blitt vant til å instruere i vårrullrulling og gjorde det òg denne gongen med glans. Femti vårrullar vart produsert på Kjesebotn denne dagen, derav halvparten fortært under middagen.

Så var det tid for desserten. Denne vart flytta til hovudhuset, der Knut Erik og Stine hadde invitert oss med på kaffi. Eit utval av frukt med yoghurt over fall visst i smak, sjølv for skeptiker-Ellen. Seinare på kvelden var det tid for fleire eksperiment, då vertane hadde prøvd seg på tzatziki. Etter magen min å døme var òg dette vellukka.

Bilete , Sommaren 2002

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald