Mandag 15. Juli, 2002
Så går turen austover over fjella til Våler i Østfold. Her blei vi møtt med fint vêr og blide «svigers».
I helga har Karl Hersleth fått innvie den nye flotte gassgrillen, og vi fekk nyte resultatet: Grilla svinefilet, kyllingfilet og pølser, alt dette på terrassen med utsikt til Vansjø.
Sundag var vi på båttur i Vansjø, med Kvernøyane som mål. Her måtte det ein opprydding til (to fulle poser med søppel og brukte kondomer i trea), før vi kunne kose oss med mat. Her leika vi oss i vasskanten saman med Ingeborg, niesa til Ellen. Den andre niesa, Vilde, fekk kvile middag i skuggen av nokre tre.
Etter kvart var det tid for fisking. Men medan eg og Ellen mista kvar einaste fisk som beit (heilt sant!), så var bror Knut Erik overlegen med sine tre små mort. Deretter gjekk turen heimover att for å grille butikkjøpt fisk.