Onsdag 17. Juli, 2002
Når vi er på austlandet, må vi sjølvsagt innom hovudstaden.
På veg ned til Aker Brygge snubla vi over ei stor biletutstilling på Rådhusplassen. Her stod fleire titals fotografi utstilt med tema «Verda sett ovanfrå». Bileta er tekne av fotografen Yann Arthus-Bertran og er ein serie med bilete frå heile verda. Det var utruleg fascinerande å sjå på alle fargar, mønster, naturen og menneska fotografen hadde klart å fange i bileta sine.
Ellers var det min tur til å bruke pengar, på bukser og sandalar denne gongen.
Masse menneske og strålande solskinn gjorde Oslo-turen til ein svært koseleg, men heitt oppleving.