Blank spot

Hopp til menyen


Musikk

Søndag 23. Juni, 2002

Musikk har vore ein av dei store interessene mine så lenge eg kan hugse. Eg har vore innom fleire instrument som td. piano, tuba, trommer, gitar, og var tidlegare aktivt med i musikk­skule, fleire korps, kor, jazz- og storband.

Etter at eg flytta til Bergen i 1996 har eg diverre ikkje funne nokon å spele saman med, noko eg saknar meir og meir. Men håpet er at eg ein gong skal få råd til å kjøpe meg eit instrument (eller to) og blåse nytt liv i ein gamal hobby.

Dette lyttar eg mest på for tida

India Arie er berre ei av fleire singer/songwriters i soul-/r&b-sjangeren som har fått sitt store gjennombrot i løpet av det siste året. Etter å ha høyrd plata, så skjønar eg at det ikkje er så rart. Med debut-plata «Acoustic Soul» synest eg at ho fortener ein Grammy.

Andre plater eg har høyrd på i det siste er:
Sting - …all this time
Ei flott liveplate, kanskje den beste eg har høyrd på lenge. Her er mange flotte arrangement av gamle kjende songar frå Sting som solist og tida i the Police.
Manu Chao - Clandestino
Franske Manu Chao har fått mykje skryt for platene sine. Eg skjønte ikkje heilt kvifor, før eg fekk tak i «Clandestino», den første soloplata hans frå 1998. Artig sak med variert musikk som tek deg til sydlandske strok.
Angie Stone - Mahogany Soul
Det næraste ein kjem ei ordentleg soul-plate i dag. Kul dame som minner meg litt om Chaka Khan.
Silje Nergaard - At First Light
Enda ei flott jazzplate frå Silje Nergaard der ho stort sett har stått for musikken og Mike McGurk har skrive tekstane.

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald