Søndag 23. Juni, 2002
Her er ei oversikt over prosjekta eg har på gang for tida.
Dette HTML-kurset er skrive spesielt for studentar ved vidareutdanninga i helse- og sosialinformatikk ved Høgskolen i Bergen, men kan vel nyttast av mange fleire.
Kurset er under utvikling, uavhengig av vidareutdanninga, med fleire delar allereie lagt ut.
Er i gong med å lage ein plan for opplæring av personalet ved Barneklinikken post 5, Haukeland Sykehus. Under finn du koplingar til IT-planen og andre relaterte dokument skrive i XHTML 1.1.
Noverande kunnskapar hos personalet er registrert ved hjelp av spørjeskjemaet. Materiellet som blir nytta har vore til gjennomsyn og er endra noko, filene under er difor utdaterte. Oppdaterte utgåver vil bli lagt ut seinare.