Blank spot

Hopp til menyen


Indre Storfjord Jazzband

Søndag 23. Juni, 2002

Følgjande tekst er henta frå cd-omslaget:

Indre Storfjord Tradband blei starta hausten 1993 av ein «bunch» unge musikarar frå området rundt indre Storfjord. Året etter skjedde ei lita utbytting av musikarar, og stilen endra seg gradvis med dei nye folka. Namnet vart dessutan bytta til Indre Storfjord Jazzband. Besetninga har gjennom heile perioden bestått av komp og blåsar­rekkje. Våre varme tankar går til kompet frå det første året, nemleg Harald Overvoll (trommer), Gunnar Inge Eide (piano) og Jon Ottar Runde (bass).

Bandet har i ei år­rekkje lagt beslag på store delar av kultur­midlane i Stranda kommune, og dette er årsaka til at kultur­huset ikkje kom på budsjettet før i 1996. Ellers har denne gruppa av personar i dress fleire gonger vore observert på kulturmønstringar både på fylkes- og kommunalt plan, i tillegg til andre lokale tilstellingar.

Etter at inntekter frå nokre spele­jobbar, opp­sparte midlar og kultur­stipend frå Norddal kommune var vel inne på konto, kunne bandet spele inn ein CD som avslutning på eit liv i sus og dus.

CD: Jazzpeak

Omslaget til CD-en Jazzpeak av Indre Storfjord Jazzband

Det meste av materialet til denne CD-en kjem frå eit velbrukt repertoar. Med få unntak er musikken som her blire presentert kjend musikk for dei som har høyrd ISJB tidlegare.

Musikarane

På CD'en var desse med:

  • Jon Brandsvik - gitar, vokal på «Jonisk Trall»
  • Jesro Christoffer Cena - trommer
  • Peder Drege - bass
  • Rune Jostein Eide - trompet/flugelhorn
  • Knut Asbjørn Drabløs Langlo - piano
  • Jon Anders Lied - tenor- og basstrombone
  • Ole Jørn Myklebust - trompet/flugelhorn, scatting på «Round Midnight»
  • Turid Skarbø - vokal, piano på «God Bless The Child»
  • Liv Urhamar - altsax

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald