Blank spot

Hopp til menyen


Litt om FLAC — Del 2

Tirsdag 14. Desember, 2004

I del 1 av denne lille introduksjonen til FLAC gjekk eg gjennom oppsett av Audiograbber for å rippe CD-ar til FLAC-filer. I denne delen tek eg utgangspunkt i Linux-distribusjonen Fedora Core 3, som eg køyrer på den berbare datamaskina mi. Her nyttar eg programmet Grip for å kopiere CD-ar til harddisken. Mot slutten presenterer eg òg eit bash-skript som konverterer FLAC-filer til Ogg Vorbis-filer

Både Grip og FLAC-biblioteket er med i FC3-pakken og det er berre for deg passe på at du inkluderer dei to ved installasjon av Linux. Dersom du ikkje har fått gjort dette, så kan du bruke pakkehandteringsprogrammet for å installere program og bibliotek, eller du kan rett og slett starte eit konsollvindauge og skrive sudo yum install grip. Så er du snart klar for neste steg.

Konfigurering av Grip

Å gjere Grip i stand til å produsere FLAC-filer er ingen heksekunst. Eg har gjort det på følgjande måte:

  1. Start Grip og trykk på arkfanene «Config», «Encode» og «Encoder».
  2. I nedtrekkslista til feltet «Encoder» skal naturleg nok valet «flac» nyttast.
  3. Sjekk at feltet «Encoder executable» viser til riktig programfil. I FC3 er dette vanlegvis /usr/bin/flac.
  4. I neste felt, «Encoder command-line», fyller du inn følgjande tekststreng: -V --best -o %m -T TITLE="%n" -T ARTIST="%a" -T ALBUM="%d" -T DATE="%y" -T TRACKNUMBER="%t" -T GENRE="%G" %w. Om du har lest del 1, så vil du kjenne at dette som argumenta som blir gitt til programfila som gjer komprimeringsjobben.
  5. For dei to neste felta viser eg berre til skjermbiletet for eit døme på korleis ein kan spesifisere formatet til resultatfila.

Det var alt. No er det berre å setje inn ein musikk-CD, la Grip hente ned informasjon om CD-en frå internett, velje arkfanen «Rip» frå den øverste rekka, trykke på knappen «Rip+Encode» og du er i gong.

Forklaring på argumenta

Som nemnd, er argumenta så og seie identiske med dei som vi nytta med Audiograbber. Nokre skilnader er det likevel:

Variabelnamn
Grip nyttar eit eige sett av variablar.
-T DATE="%y" -T GENRE="%G"
Grip har variablar for sjanger og årstall, som vi kan nytte til felta for dato og sjanger i FLAC-fila.
--best
Dette er komprimeringsnivået til FLAC. Det beste komprimeringsnivået tilsvarar verdien 8 frå den forrige delen. Vi kunne fint ha brukt argumentet -8, men eg synest at --best er meir sjølvforklarande.

FLAC til Ogg Vorbis

Med eit lite kommandolinjetriks i Linux, kan ein lett gjere om FLAC-filer til det mykje lettare formatet Ogg Vorbis. Programmet oggenc, som er ein del av vorbis-tools, kan nemleg konvertere filer direkte frå FLAC til OGG. I tillegg trengs det litt hjelp frå programmet metaflac (dette følgjer med når du installerer FLAC) for å legge inn informasjon om musikken.

For å gjere det heile enkelt, så har eg laga eit skript som utfører heile jobben for meg. Inspirasjonen til skriptet er henta frå artikkelen «Disks are cheap — take the FLAC!» av Edd Dumbill. Eg er ikkje spesielt dreven på bash-skript og ønskjer meir enn gjerne tilbakemeldingar om mitt flac2ogg-skript, som ser ut som dette:

#!/bin/bash

# flac2ogg 1.0
#
# Skript som konverterer FLAC til OGG Vorbis
# og lagrar metadata frå FLAC-fila til OGG-fila.
# Fungerer med Vorbis Tools 1.0.1.
#
# Bruk: flac2ogg [[målkatalog] fil1 fil2 ... filn]

ME=`basename $0`
KAT="./"

if [ $# -eq 0 ]; then
    set *.flac
else
    if [ -d "$1" ]; then
	if ( echo "$1" | grep "/$" > /dev/null); then
	    KAT="$1"
	else
	    KAT="${1}/"
	fi
	echo "Målkatalog: $KAT"
    fi
fi

for fil in "$@"; do
    if test -f $fil; then
	ARTIST=`metaflac --show-vc-field=artist $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	TITTEL=`metaflac --show-vc-field=title $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	ALBUM=`metaflac --show-vc-field=album $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	DATO=`metaflac --show-vc-field=date $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	SPOR=`metaflac --show-vc-field=tracknumber $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	SJANGER=`metaflac --show-vc-field=genre $fil | sed -e 's/^.*=//'`
	LENGDE=$(echo "$fil" | wc -c | tr -s " " | cut -f2 -d" ")
	NYFIL=$(echo "$fil" | cut -c-$[$LENGDE-5])
	NYFIL=${NYFIL}ogg
	echo "$ME: Konverterer $NYFIL"
	cmd=`oggenc --quiet --quality=8 \
         --names="$KAT" --output="${KAT}${NYFIL}" \
         --artist "$ARTIST" --title "$TITTEL" \
         --album "$ALBUM" --date "$DATO" \
         --tracknum "$SPOR" --genre "$SJANGER" \
	 "$fil"`
	eval $cmd
    else
	if [ ! \( "$fil" = "$KAT" \) ]; then
	    echo "$ME: Kan ikkje finne $fil, hoppar over"
	fi
    fi
done

Musikk

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Karl Ove Hufthammer, 15. Desember 2004, kl. 07.45

Alternativt, om du brukar KDE, kan du berre gå til adressa audiocd:/ og dra og sleppa Ogg Vorbis- eller FLAC-filene over til harddisken. (Metainformasjonen vert automatisk henta ned frå Internett og lagra i filene.) Det enklaste er ofte det beste!



Søk


Om meg

Innhald