Blank spot

Hopp til menyen


Litt om FLAC — Del 1

Tirsdag 08. Juni, 2004

FLAC, eller Free Lossless Audio Codec, er enkelt sagt eit gratis og opent komprimeringsformat for musikk. Men i motsetnad til td. MP3 og Ogg Vorbis, så blir ikkje data tapt ved komprimering. Ein kan samanlikne det med Zip: Filene som du pakkar ned er heilt like når du pakkar dei opp att. Skilnaden frå Zip er at FLAC er tilpassa musikkfiler.

Tapsfri komprimering vil ikkje gi like små filer som ved komprimering ved datatap. Fordelen er at, medan musikkfilene med MP3 og Ogg Vorbis reduserer kvaliteten til musikkfilene for permanent, så vil ein med FLAC kunne oppnå kvalitet som er identisk med orginalen. Lat oss ta eit døme:

Dersom du komprimerer ei WAV-fil med MP3, så vil MP3-fila ta bort data som er «unødvendige» og kvaliteten på musikken blir redusert (avhengig av komprimeringsgrad). Om du gjer denne MP3-fila om til ei WAV-fil att, vil kvaliteten på denne WAV-fila vere redusert i høve til den orginale WAV-fila.

Om du gjer ei WAV-fil om til FLAC og konverterer denne tilbake til WAV att, vil fila vere identisk med den du byrja med. Denne eigenskapen gjer tapsfri komprimering til eit praktisk hjelpemiddel for sikkerheitskopiering av musikk-CD-ar.

FLAC i heimen

Som nemnd tek FLAC-filer ein del meir plass enn ei MP3- eller Ogg-fil, sjølv om komprimeringsgraden er opp mot 60%. Fire minutt med musikk i FLAC kan ha ein storleik på omlag 26 MB, medan den same fila kan vere om lag 7 MB stor komprimert som 256 kb/s MP3-fil. Så om du planlegg å ha eit stort bibliotek med musikk i dette formatet er det lurt å ha ein del lagringsplass.

FLAC er tilgjengeleg som kjeldekode og ferdig kompilert for fleire plattformar. Nokre pakkar inkluderer òg innpluggingsprogram, til dømes til Winamp, XMMS og Nero Burning ROM. Det siste gjer at ein kan brenne musikk-CD-ar rett frå FLAC.

For å kunne kopiere CD-ar til harddisken, må du ha eit passande program til dette. Det finnast eit utal slike, men eg har lenge vore tilhengar av Windows-programmet Audiograbber som eg har nytta i ein del år no. Nytt frå februar 2004 var at fullversjonen vart gratis, slik at enda fleire kan få glede av dette programmet. Til Linux-maskina mi brukar eg Grip.

Audiograbber

Når du først har installert FLAC (merk deg kvar denne er installert) og Audiograbber, er det inga sak å konfigurere Audiograbber til å ta i bruk FLAC til komprimering. Slik har eg gjort det:

  1. Start Audiograbber og trykk på knappen «MP3-settings».
  2. Merk av for «MP3 file via intermediate wav file. Delete wav file». Dette valet gjer at programmet kopierer CD-sporet til ei WAV-fil, lagar ei FLAC-fil av denne og slettar WAV-fila etterpå.
  3. Kryss av for «External Encoder». Under kan du føre opp plasseringa til fila flac.exe ved å trykke på «Browse»-knappen.
  4. Under «Predefined arguments» vel du «User Defined». Deretter legg du inn følgjande streng i feltet «Arguments»:
    -8 -V -o %d -T TITLE="%4" -T ARTIST="%1" -T ALBUM="%2" -T TRACKNUMBER="%3" %s
    Dette er argumenta som blir gitt flac.exe ved køyring og blir forklart seinare.
  5. «File extension» er sjølvsagt flac.

Så er det berre å trykke på «OK», sjekke at knappen «MP3-settings» er merka med eit kryss og trykke på «Grab». Du bør sjølvsagt ha ein musikk-CD tilgjengeleg først.

Forklaring på argumenta

-8
Dette er komprimeringsnivået til FLAC. Du kan sjølv velje eit tal mellom 0 og 8, der 0 er raskast og 8 er best komprimering. 5 er standardinnstillinga.
-V
Ber om kontroll av komprimeringsprosessen. Her blir det starta ein prosess som samanliknar resultatet med orginalfila. Ved feil blir komprimeringa stoppa.
-o %d
Målfila som det skal skrivast til. I Audiograbber kan du bruke variabelen %d for at programmet skal generere namnet til målfila.
-T TITLE="%4" -T ARTIST="%1" -T ALBUM="%2" -T TRACKNUMBER="%3"
Desse argumenta gjer at det blir lagt til følgjande kommentarfelt til musikkfila. Kvart T-argument er følgd av namnet på feltet og verdien til dette feltet. Eg har nytta variablar frå Audiograbber for verdiane.
%s
Dette er variabelen for kjeldefila til Audiograbber, altså namnet til WAV-fila som skal komprimerast.

For dei med Windows er det berre å setje i gong. I neste del vil eg ta føre meg FLAC i høve til Grip og Ogg Vorbis.

Musikk

Forrige | Neste


Andre som skriv om det same

Free {MP3,FLAC,AAC,...} ripping software — 21.06.2004
dBpowerAMP Music Converter - a free AudioGrabber replacement. Downloaded. Installed. To be tested.
— Anders Jacobsen's blog

Kommentarar

Av: Asbjørn Ulsberg, 09. Juni 2004, kl. 11.30

Kjekk artikkel, men man bruker da dbPowerAmp og ikke Audiograbber til å rippe musikk med? Jeg har ikke brukt Audiograbber på mange år, og kommer mest sannsynlig aldri til å gå tilbake igjen. dbPowerAmp er både mindre, lettere, enklere og raskere. Imho, i hvert fall. :-)


Av: Chris, 10. Juni 2004, kl. 00.16

Joda, dbPowerAmp var fint det. Særleg praktisk var det at ein kunne laste ned kodek etter behov.

Men er det mogleg å gjere noko meir med filnamna? Td. små bokstavar og erstatte mellomrom med understrek? Og dessutan, “High compression” med FLAC gjekk litt tregt.


Av: Paul K Egell-Johnsen, 14. August 2004, kl. 12.41

Det hadde vært greit med info om filstørrelser, si mellom wav, flac, mp3 (320 Kb-rate) og når du kommer til ogg og grip, dem også.

Flac sida ga heller ikke slik info på 123.


Av: Tor Ødegården, 02. Februar 2005, kl. 01.36

Hvordan innlemme Flac i MediaMonkey? Har lstet ned begge programmer - hver for seg. Ønsker å rippe egne CD’er til bibliotek for overføring til iPod.


Av: Jesro Christoffer Cena, 02. Februar 2005, kl. 06.58

I følgje nettsida til MediaMonkey, finnast det eit innstikksprogram for avspeling av FLAC-filer. Det står ingenting om korleis ein kan konvertere filer til FLAC. Då kan du jo bruke anten Audiograbber eller dBPowerAmp.

Les meir på: http://www.mediamonkey.com/input-plugins.htm



Søk


Om meg

Innhald