Tirsdag 18. Mars, 2003
Det finnast eit utal nettlesarar å velje i mellom. Ein nettlesar er eit program som ein kan laste ned og lese nettsider med, som til dømes Internet Explorer eller Opera.
I dag er det ulikskapane i måten nettlesarane presenterer nettsidene på mindre enn før. Så no er det gjerne hjelpemidla som nettlesarane tilbyr ved sidan av å vise nettsidene som avgjer kva slags ein vel.
Medan andre svergar til Mozilla eller liknande, så er min favoritt den norske nettlesaren Opera. Her er dei viktigaste grunnane til kvifor dette er tilfelle:
Dessutan har utviklarane i Opera Software vist at dei kan vere raske til å rette opp eventuelle feil som har dukka opp, sist tok det mindre enn eitt døgn å gje ut ei korrigering av eit sokalla hol i sikkerheita.
Det er forresten fint at nokre registrerer ei auke av treff på heimesida med «alternative» nettlesarar, sjølv om dette kanskje seier meir om kva personar som les nettsidene.
Av: Arve, 19. Mars 2003, kl. 10.20
Kyrre er forøvrig ikke alene om å oppleve økning av Opera og alternative nettlesere i bloggen sin.
En statistikk som er forholdsvis interessant å titte på er AWStats sin demostatistikk ( http://awstats.sourceforge.net/cgi-bin/awstats.pl ), som representerer en tydelig trend. Fra januar til mars har MSIE falt fra 97.5% til 79%, og i hovedsak “tapt” brukere til Gecko-browsere, Opera og Safari.
Tallene gir neppe et bilde av reell markedsandel for browserne, men de representerer en trend (hovedsaklig blant webutviklere).
Betyr denne trenden noe? Tja. For første gang på mange år har jeg hørt «Johan Gjennomsnitt» snakke om nettlesere, eller det vil si: Snakke om enten Opera eller Mozilla - og at de enten har byttet, eller har planer om å gjøre det.