Blank spot

Hopp til menyen


På bussen

Onsdag 25. September, 2002

Dei få gongene eg nyttar bussen for å forflytte meg frå ein stad til ein annan, dukkar det til tider opp bittesmå problem som eg har vanskar med å finne løysingar på:

  • Kvifor må folk trykke seg saman framfor utgangane i bussen?
  • Har eldre rett til å dytte deg til sides for å kome seg inn i bussen, når du i utgangspunktet ville ha flytta deg, om du hadde sett vedkomande kome før du kjende albogen i sida?
  • Kor gamle/uføre skal personane vere før du spør om dei vil sitje på plassen din?
  • Kva seier du til personar som blir fornærma når du spør dei spørsmålet ovanfor?
  • Skal du vekke ein person som siklar nedover jakka si?
  • Korleis skal ein reagere når ein står i midtgongen og brått kjenner ei hand på rumpa, utan at du har kjende rundt deg?

Dette er berre nokre av spørsmåla som dukkar opp …

Diverse

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald