Mandag 30. September, 2002
I dag fekk eg melding i posten om at den nye datamaskina mi var komen til Linjegods sin terminal her i Bergen, og etter ein telefonsamtale kan eg no forvente at den kjem i morgon ettermiddag.
Men i dag oppdaga eg �g at Dell no k�yrer ein kampanje med tilbod p� ein Inspiron 4150, som er noko mindre og lettare enn den maskina eg har bestilt og er dessutan utstyrt med eit kombidrev (kombinert DVD/CD-RW). S� no lurer eg p� � skal eg behalda maskina som kjem i morgon eller skal eg sende ho attende og bestille ein ny? Arrgh, denne materialismen�