Blank spot

Hopp til menyen


Tur til «Harryland» og Særp

Fredag 19. Juli, 2002

Det måtte skje. Når ein likevel er så nær svenskegrensa, kvifor ikkje ta turen over? For å unngå dei berømte køane inn til Sverige drog vi kl. 08.00—08.30 om morgonen. Denne planen fungerte flott og vi kom oss til Strømstad, som var første stopp, raskt og greitt. Og som så mange nordmenn før oss, og etter oss, drog vi til systembolaget først.

Etter ein liten matrast i Strømstad, drog vi vidare til Godis Fabriken. Her gjekk vi berserk og kjøpte med oss 3 kilo(!) smågodt, i tillegg til ein del andre småting.

Foreldra til Ellen hadde lagt inn bestilling på kyllingfilét, så dette drog vi inn til marknaden i Svinesund for å handle. På veg tilbake til Svinesund støytte vi etter kvart på trafikkkorkene, men ikkje verre enn at vi vart ståande i 20 (lange) minutt. Verre var det for dei som skulle inn i Sverige på ettermiddagen. Då var det kilometervis med bilar som stod i kø. Heldigvis køyrde vi i motsett retning.

Neste stopp var Sarpsborg og Dronningensgate, der familien Fredh bur. Her fekk vi servert sopp- og baconpai av Aisa, tremenningen min. Vi fekk òg møte dottera hennar Rebekka for første gong. Det var jammen lenge sidan vi hadde besøkt dei.

Bilete , Sommaren 2002

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald