Blank spot

Hopp til menyen


Eit samandrag

Torsdag 21. Juli, 2005

Det har skjedd mykje dei siste vekene, så her kjem ei kort oppsummering av alle hendingane:

Flytting

Ellen og eg har flytta til Østfold, nærmare bestemt Moss. Her flytta vi inn i ei rekkehusleilegheit som eg kun hadde sett på bilete då vi kjøpte det. Ellen, som hadde vore på visning, hadde vore forsiktig med å skryte av rekkehuset. Men å sjå huset var ei positiv overrasking.

Bil

Med flyttinga følgjer det med ein del innkjøp — lamper, kvitevarer, møblar — ting som vi òg har kjøpt oss. Eit av dei dyraste innkjøpa vi har gjort er ein 1999-modell Ford Focus, vår første bil. Ikkje ein racer, men grei til vårt bruk.

Jobbsøking

Det å flytte til ein ny by er — for meg — heilt greitt. Men å seie opp jobben utan å ha ein ny jobb å gå til, har nok vore det store spenningsmomentet for meg. Så både under flyttinga og etter flyttinga har eg søkt på jobbar i Moss og området rundt. Men eg har hatt lukka med meg, for halvannan time etter mitt livs første ordentlege intervju fekk eg eit jobbtilbod per e-post. I dag (eller i går) signerte eg arbeidsavtalen for stillinga som systemutviklar.

Litt ferie

Midt i alt dette har vi fått tid til å ha litt ferie. Varmen her på austlandet var litt av eit sjokk for oss som knapt hadde opplevd temperaturar over 14 grader celsius, så sjølv om vi har mykje å pakke ut og rydde opp i, har vi tillate oss litt fri med sol og bading.

Personleg

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Thomas Johansen, 31. August 2005, kl. 12.50

Er ein fin blogg dette Chris, men ikkje heilt oppdatert. Er vel mykje som skjer tenkjer eg.

Ikkje darleg a fa jobb etter fyrste intervjuet, og tenkjer nok at det var spanskkarakteren som gjorde utslaget.

Eg snubla tilfeldigvis over “Kast deg ut i tilgjengelegheit” gjennom ein annan blogg (http://webaksess.no/arkiv/2005/08/kast_tilgjengel.html), og provde a tilfora noko pa kapittel 15.

Lukka til vidare!


Av: Jesro Christoffer Cena, 31. August 2005, kl. 22.42

Det er riktig at den ikkje er heilt oppdatert, og at det er mykje som skjer for tida. Men det er flott at du har kasta deg over wiki-en. Fint om du vil vere med vidare.

Lukke til i Sveits!



Søk


Om meg

Innhald