Blank spot

Hopp til menyen


Dett var dett

Onsdag 22. Juni, 2005

No er det gått ei veke sidan vi offisielt avslutta ingeniørutdanninga. Ei litt meir diffus avslutning enn den vi hadde på sjukepleien for 6 år sidan, det var ingen stor avslutningsseremoni med utdeling av vitnemål og store talar. I staden vart det ein koseleg tur på byen saman med medstudentar og nokre av forelesarane.

Prosjektarbeidet er eg rimeleg nøgd med. Der er alltids ting ein kunne gjort betre, men resultatet vart som bestilt med litt ekstra. Uansett er det artig å kunne jobbe med noko eg brenn for, nemleg vevapplikasjonar.

Ellers har eg fått på plass ein møteplass for oss som gjekk ut av årets dataingeniør-kull ved Høgskolen i Bergen.

Kvar går vegen vidare?

No er det flytting og jobbsøking som står for tur. Vi er på veg austover. Mot Moss. Der har vi kjøpt oss leilegheit og er veldig klare for å flytte inn. Vel — snart klare. Vi pakkar framleis …

Når det gjeld jobbar, så er det meir usikkert. Men eg søker i veg, stort sett jobbar innan IT, og håper det dukkar opp eit gladbrev i posten snart. Er det forresten nokon som veit om ein jobb i Østfold eller Oslo som passar for meg, så er eg kjempeglad for å få høyre om det.

Personleg

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald