Blank spot

Hopp til menyen


Nærmar meg slutten

Lørdag 25. Desember, 2004

For over eitt år sidan fortalde eg om dei uendeleg store stablane med bilete som har lagt og venta på å bli sett inn i album. No i jula har eg klart å gjere eit kraftig innhogg i denne bunken og no kan dei gjenståande konvoluttane med bilete teljast på ei hand. Då har eg til og med fått arkivert alle negativa i eit eige album.

Ein viktig årsak til denne raske progresjonen, er at Ellen, som alltid har klart å lime inn sine bilete etter kvart, òg har limt inn ein del av mine bilete for å samle bileta våre frå dei same hendingane. Det er godt ein av oss er effektiv på det området.

Å ja, forresten: God jul og godt nytt år til alle saman. Vi feirer jula på jobb her i snøkvite Bergen.

Bilete

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald