Blank spot

Hopp til menyen


No skal du høyre …

Mandag 27. Oktober, 2003

Å ta bussen treng ikkje alltid vere ei keisam, ubehageleg og langdryg affære. Dei siste gongane eg har teke buss nr. 31 mot Lægdene, så har både eg og dei andre passasjerane på bussen fått oss ei hyggeleg overrasking.

Nær Haukeland sykehus byrjar det. Det sprakar i høgtalarane og du kan så vidt høyre nokon som kremtar litt, før ei stemme klart og tydeleg fortel oss følgjande:

Hallo, hallo! No skal du høyre, neste stopp: Haukeland sykehus.

Meir skal det ikkje til for å få folk til å smile og le litt. Enkelte passasjerar tek seg til og med den friheit og smile til vilt framande medpassasjerar. Litt seinare følgjer han opp med meir unformasjon:

Hallo, hallo! Neste stopp: Lærarhøgskolen.

Ein kan nesten skimte eit lurt smil frå mannen framme ved rattet. Folk som sit på bussen har fått noko å snakke om rundt middagsbordet.

Med ujamne mellomrom dukkar det opp ein eller annan bussjåfør som gjer sånne ting, og livar opp ein ellers grå og keisam tur med bussen. Kunne gjerne tenke meg litt fleire av dei.

Fritid

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Asbjørn Ulsberg, 28. Oktober 2003, kl. 10.46

Ja, se der! Mer skal det ikke til. Er det dette man kaller «ekstraservice»?


Av: Lasse, 28. Oktober 2003, kl. 23.03

Siden dette er Bergensk: Har du sjekka om han har Liverpools våpenskjold tatovert på overarma?



Søk


Om meg

Innhald