Blank spot

Hopp til menyen


Mi Linux-installering

Fredag 17. Oktober, 2003

Då eg bestemte meg for å prøve meg på Linux att, byrja eg først med å leite etter informasjon om installasjon. Det kunne då tenkjast at nokon hadde prøvd dette på ei maskin tilsvarande den eg har. På Linux on Laptops fann eg ei lang liste over sider som tek føre seg installasjonar på berbare PC-ar, mellom anna på Dell-maskiner. Tok utgangspunkt i Jon Dreyer si installering, sidan han har installert Red Hat 9 på ein PC som er nærmast identisk den eg eig.

Eg hadde på førehand oppdatert BIOS til nyaste versjon (A06), og sett maskinoppstarten opp slik at datamaskina kunne starte frå CD. Nedlasting av Red Hat Linux vart gjort i løpet av natta, frå FTP-arkivet til Universitetet i Oslo.

Det første eg merka var noko som truleg er ein feil ved det grafiske installasjonsprogrammet til Red Hat 9: Etter å ha valgt norsk tastatur og norsk språk, kræsja installasjonsprogrammet. Dette løyste eg ved å velje engelsk som installasjonsspråk, i tillegg til norsk tastatur. Eg har òg prøvd tekstbasert installasjon på norsk, noko som fungerte greitt. Utanom norsk tastatur, valgte eg PS/2-mus med to knappar og emulering av knapp nummer tre.

Ellers gjekk installasjonen fint. Lagde meg tre partisjonar: Ein til rot, ein til veksling og ein til heimekatalogar — i denne rekkefølgja. Det aller meste av utstyr såg ut til å bli oppdaga automatisk. Eg hadde på førehand valgt Costum installasjon og fekk så velje kva programpakker eg sjølv ville installera. Her valgte eg nesten alt, bortsett frå ein del tenartenester.

Etter at programpakker var installert, var det tid for å konfigurere X-tenaren. Her endra eg kun skjermtypen til ein Dell Laptop Display 1400x1050. Skrivaren, som er ein delt skrivar kopla til ei Windows-maskin, vart funnen ved å velje SMB-protokollen då skrivarkonfigurasjonen dukka opp. Deretter var det omstart, registrering av brukar og registrering på RHN.

Merk at medfølgjande up2date, programmet som skal halde systemet ditt oppdatert (omtrent som Windows Update), kræsjar pga. av utgått tryggleikssertifikat. Difor kan det vere lurt å lat vere å registrere deg på RHN før dette programmet er fiksa, ellers stoppar det berre opp. På rhn.redhat.com står framgangsmåten for nedlasting og oppdatering av up2date.

Som Jon Dreyer nemnde, så var det naudsynt å skifte ut drivaren (radeon.o) til skjermkortet (ATI Radeon 7500 Mobility) og XFree86-fila. Dette vart gjort etter instruksar frå http://www.xfree86.org/~alanh/. Dermed kunne eg slå av skjermen og setje maskina i dvale utan at skjermbiletet vart vrengd når eg slo skjermen på att.

Eg har òg fått ordna støtte for USB-synkronisering av min gamle Handspring Visor. I siste del av «Linuxskolen» (Linuxmagasinet nr. 4), ein artikkelserie i Linuxmagasinet, skriv Kolbjørn Bekkelund om korleis han har sett opp sin berbare med Linux. Her plukka eg mellom anna opp korleis ein set opp IrDA og kommuniserer med mobiltelefonen via denne. Meir om dette seinare.

CD-brenning fungerer som det skal. For det passa eg på at Grub vart konfigurert med parameteren hdc=ide-scsi ved installasjon. Til og med Fn-knappane fungerer fint, med unntak av volum-tastane. Dette andre møtet med Linux har vore mykje hyggelegare enn det første.

Kva manglar?

  • Å få liv i modemet (eit winmodem).
  • Å få TV-ut-kontakta til å virke.
  • Decent 3, eller eit anna underhaldande spel.

Linux , Nerdeting

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald