Blank spot

Hopp til menyen


«Microsoft»

Mandag 22. September, 2003

I helga har eg motteke eit to-sifra antal e-postmeldingar frå «Microsoft» si «sikkerheitsavdeling» som på ein svært hyggeleg måte har oppmoda meg om å installere vedlagde fil for å gjere datamaskina sikrare. Desse har eg sjølvsagt sletta og sett opp filter som automatisk har sletta dei andre meldingane som har kome inn med same oppmodingane.

Men eg lurer på om nokon faktisk har starta programma, og om dei kan fortelje kva som faktisk skjer?

Nerdeting

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Karl Ove Hufthammer, 22. September 2003, kl. 14.21

Om nokon har starta dei?! Ja, det skal eg helsa og seia. Og no står maskinene til desse personane og spyttar ut like e-postar i hundretal, gjerne til meg.

Første stopp for spørsmål om kva nye virus og ormar gjer, er Symantec Security Response http://www.symantec.com/avcenter/

Der finn du alle detaljar om W32.Swen.A@mm-ormen http://www.symantec.com/avcenter/venc/data/w32.swen.a@mm.html


Av: Asbjørn Ulsberg, 22. September 2003, kl. 14.51

Jeg har fått ~1.500 slike virus-mail de siste fire dager. Jeg blir like overrasket hver gang slike virus klarer å spre seg. Har det egentlig skjedd et mislykket virusangrep, særlig fra denne typen ormer, de siste fem årene?


Av: Chris, 22. September 2003, kl. 19.04

Eg burde vel ha skjønt det :) Men når internett blir allemannseige, blir vel virusa det òg.



Søk


Om meg

Innhald