Blank spot

Hopp til menyen


Foccacia

Torsdag 21. August, 2003

Det hender av og til at eg får med meg God morgen, NorgeTV2. Ein dag såg eg at TV-kokka Wenche Andersen bakte eit brød som verka så enkelt at eg ville prøve det med det same. Korleis ho gjorde det følgjer her:

  • 7 dl vatn
  • 25 g gjær
  • 4 ss olivenolje
  • 1,50 ts salt
  • 0,50 ts sukker
  • 14 dl kveitemjøl
  • olje
  • flaksalt
  • krydder, td. rosmarin eller oregano

Løys opp gjær i lunka vatn. Set til 3/4 av olja, salt og sukker. Elt inn kveitemjøl. Deigen skal ha ein tjukk grautaktig konsistens. Ha i resten av olja heilt mot slutten slik at ho smører seg rundt deigen. Dekk bolla med plastfilm og set til heving i omlag 30 minutt. Hell deigen over i en smurt eller bakepapirkledd lita langpanne. Klapp deigen til den dekker forma. La deigen etterheve under plast i omlag 20 minutt.

Hell litt olivenolje over det ferdigheva brødet. Stikk hol i brødet med fingertuppen og dryss over grovt salt (maldonsalt) og eventuelt krydder. Steik på nedste rille i varm stekeovn 200 ºC i 20-30 minutt. Avkjøl på rist.

Mat

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Asbjørn Ulsberg, 21. August 2003, kl. 15.20

Heisann. Kjekk oppskrift!

En helt annen ting: Kan ikke du stille inn RSS-feeden din slik at lenka som tilbys ikke går til eksempelvis http://www.blankspot.org/arkiv/2003/08/21.html, men til http://www.blankspot.org/arkiv/2003/08/000201.html istedet?

Eventuelt tilby en full RSS-feed, a’la dét “Arve Bersvendsen gjør i http://www.virtuelvis.com/rss20-full.xml? :-)


Av: Chris, 25. August 2003, kl. 11.48

Jobbar med det. Eit eller anna rart foregår her … :/



Søk


Om meg

Innhald