Blank spot

Hopp til menyen


Paris

Onsdag 25. Juni, 2003

Vakna til eit forferdeleg bråk utanfor vindauget, men vi sovna snart etter at det gav seg. Det var alt for tidleg å stå opp. Då vi endeleg vakna att, var vi for seint ute til frukosten. Så vi stod opp stelte oss og gjekk ut den varme sola for å leite etter mat.

Vi gjekk forbi fleire spisestader, men begge syntes det var litt dyrt. Så vi gjekk vidare. Vi gjekk, gjekk, gjekk og gjekk litt til. Gjennom trange gater, forbi flotte bygningar. Til slutt oppdaga vi at vi hadde gått i ring. Nesten framme ved herberget fann vi ein bod, blant fleire boder. Der kjøpte vi oss kvar vår sandwich (det er det dei kallar dei ferdigsmurte baguettane), sette oss i skuggen og åt godt. Vi hadde gått lenge utan mat.

No var vi klar for litt sightseeing og første mål for dagen var Eiffel-tårnet. Ved metroen kjøpte vi oss dagskort og snart var vi framme. Det var eit lite stykke å gå, men heile vegen frå metroen kunne vi sjå det høge tårnet. På vegen fekk vi òg ein smakebit av kva som venta, då gateseljarar på vegen tok tak i dei to som gjekk framføre oss i eit forsøk på å få teikne eit portrett av dei. Vi skunda oss forbi.

Snart var vi framme ved plassen under Eiffel-tårnet. Det krydde av turistar — og seljarar. Ved kvar av dei fire beina til tårnet stod det lange køer med menneske som ville opp til toppen. Seljarar gjekk kvilelaust rundt og prøvde å kvitte seg med nøkkelringar, postkort, vassflasker og flygande trekk-opp-fuglar. Etter ein tur til næraste minibank, stod vi snart i kø, vi òg.

Det måtte to heiser til for å ta oss med til toppen av den ragande stålkonstruksjonen. Den første heisa gjekk skrått opp frå det eine beinet og til andre høgda i tårnet. Her hadde vi utsikt ut og såg glimt av hus mellom dei rustbrune stålbjelkene. Deretter var det ei ny kø for å kome seg vidare til toppen. På veg ut av heisa i øverste etasje, gjekk vi på den lange køa av turistar som var på veg ned att. Ei lita trapp til, og vi var på utsida av Eiffel-tårnet, så langt opp som det var lovleg å kome seg. Utsikta var glimrande, om enn forstyrra av andre forbipasserande turistar.

Etter litt stod vi i den same køa vi hadde møtt på vegen opp. Bak oss stod det ein svær, sveitt amerikanar saman med familien sin. Han la ut i det vide og det breie alt han visste om Eiffel-tårnet og etter kvart byar som var lista opp (med avstandar frå Eiffel-tårnet) rundt om i rommet vi stod i. Det meste var diverre svært uinteressant, og døtrene hans var mest opptatt av å krangle seg i mellom.

Nede på bakken att måtte vi kjøpe oss ein is for å kjøle oss ned i det varme vêret. Vi var ikkje dei einaste; ein liten gut såg ut til å få gjennomgå av bestemora fordi han ikkje klarte å bestemme seg for kva is han ville ha. Han vart berre mindre og mindre der den gamle dama stod og skjelte han ut medan ho peika vilt på isplakaten. Ellen og eg skunda oss bort derifrå, ned til metroen att, og sette kursen mot Louvre.

Vi skjønte ikkje at vi var i Louvre før vi brått var der. Etter å ha gått av metroen gjekk vi i gangar kledd i lys polert stein, noko ganske anna enn dei kvitmalte betongveggane med ein og annan flekk med fliser eller tagging, som ellers pregar slike gangar. Framføre oss var ein stor lys hall fylt med menneske, i taket var det utsikt til himmelen gjennom ei gigantisk glaspyramide. Men vi måtte kjøpe billettar, så vi stilte oss i kø framfor ei rekkje billettautomatar. Det var ikkje for ingenting det var kø. Slike teknologiske løysingar kan by på utfordringar for mange.

For Ellen og meg var den store utfordringa å finne ut kvar vi skulle byrja. Vi tok næraste rulletrapp og var snart på veg mot utstillingane, med ein liten stopp for å leige audioguider, slik boksar med ferdiginnspelte kommentarar til utstillingane. Den første utstillinga vi kom til var ei samling gamle egyptiske gjenstandar. Så mange gjenstandar var det, at ein kunne lure på om det var noko att der nede Egypt. Vi kunne nok gått i fleire timar og berre sett på den eine lille delen av Louvre, men vi byrja bli svoltne, slitne i beina og hadde berre lyst ut derifrå. Men ikkje før vi hadde fått sett Mona Lisa. Ein liten kikk på kartet avslørte at vi hadde ein lang tur framfor oss, sidan avdelinga med italienske kunstnarar låg i ein heil annan del av bygget. Vi byrja vandringa.

På vegen passerte vi flotte rom med enda flottare gjenstandar og bilete. Det mangla definitivt ikkje på ting å sjå — om vi berre ikkje hadde vore så svoltne. Så endeleg, etter fleire kvilepauser, var vi der. Langt der framme i folkemengda, kunne vi så vidt skimte biletet. Men det voldsomme blitzregnet fekk oss til å lure. Vanlegvis er det ikkje lov å ta bilete i slike museum, og som forventa: Då vi kom nærare såg vi «fotografering forbode»-skilta, ikkje at det såg ut til å hindre nokon. No hadde vi endeleg sett det. No kunne vi gå derifrå.

Å kome seg ut av Louvre er heller ikkje så lett, særleg ikkje når blodsukkeret er på følingsnivå. Vi gjekk att og fram, gjennom dei same gangane fleire gonger, endte opp i ein blindveg og måtte snu. Det heile vart etter kvart frustrerande. Så fann vi plutseleg vegen ut …

No var vi på desperat jakt etter mat og drog mot Chatelet i håp om å finne ein imeleg stad å ete. Dette skulle vise seg å vere vanskeleg. Vi var no så svoltne at vi hadde lyst på alt og ingenting. Det var mange stader å velje mellom, men av alle desse endte vi opp framfor ei crêpes-bod. På grunn av mangelen på franskkunnskapar, så vart det mykje peiking og teiknspråk då vi bestilte. Likevel endte Ellen opp med noko heilt anna enn det ho hadde trudd, noko som heller ikkje hjalp på humøret. Vi prøvde å setje oss i ein pub, men der var ølen kjempedyr og vi fekk servert tapas som såg fleire dagar gamal ut.

Oppgitt og lei, drog vi attende til herberget. På vegen vart vi einige om at vi måtte finne på noko heilt anna dagen etter. Vi bestemte oss for å dra til Disneyland Paris! Då vi nærma oss herberget var det blitt mørkt, og mørket avslørte fleire små opplyste koselege restaurantar — langs gata rett utanfor herberget. Vi trøystar oss med ein øl før leggjetid. I morgon skal det bli betre — håpar vi.

Interrail 2003

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald