Blank spot

Hopp til menyen


Paris

Onsdag 25. Juni, 2003

Vakna til eit forferdeleg br�k utanfor vindauget, men vi sovna snart etter at det gav seg. Det var alt for tidleg � st� opp. D� vi endeleg vakna att, var vi for seint ute til frukosten. S� vi stod opp stelte oss og gjekk ut den varme sola for � leite etter mat.

Vi gjekk forbi fleire spisestader, men begge syntes det var litt dyrt. S� vi gjekk vidare. Vi gjekk, gjekk, gjekk og gjekk litt til. Gjennom trange gater, forbi flotte bygningar. Til slutt oppdaga vi at vi hadde g�tt i ring. Nesten framme ved herberget fann vi ein bod, blant fleire boder. Der kj�pte vi oss kvar v�r sandwich (det er det dei kallar dei ferdigsmurte baguettane), sette oss i skuggen og �t godt. Vi hadde g�tt lenge utan mat.

No var vi klar for litt sightseeing og f�rste m�l for dagen var Eiffel-t�rnet. Ved metroen kj�pte vi oss dagskort og snart var vi framme. Det var eit lite stykke � g�, men heile vegen fr� metroen kunne vi sj� det h�ge t�rnet. P� vegen fekk vi �g ein smakebit av kva som venta, d� gateseljarar p� vegen tok tak i dei to som gjekk framf�re oss i eit fors�k p� � f� teikne eit portrett av dei. Vi skunda oss forbi.

Snart var vi framme ved plassen under Eiffel-t�rnet. Det krydde av turistar — og seljarar. Ved kvar av dei fire beina til t�rnet stod det lange k�er med menneske som ville opp til toppen. Seljarar gjekk kvilelaust rundt og pr�vde � kvitte seg med n�kkelringar, postkort, vassflasker og flygande trekk-opp-fuglar. Etter ein tur til n�raste minibank, stod vi snart i k�, vi �g.

Det m�tte to heiser til for � ta oss med til toppen av den ragande st�lkonstruksjonen. Den f�rste heisa gjekk skr�tt opp fr� det eine beinet og til andre h�gda i t�rnet. Her hadde vi utsikt ut og s�g glimt av hus mellom dei rustbrune st�lbjelkene. Deretter var det ei ny k� for � kome seg vidare til toppen. P� veg ut av heisa i �verste etasje, gjekk vi p� den lange k�a av turistar som var p� veg ned att. Ei lita trapp til, og vi var p� utsida av Eiffel-t�rnet, s� langt opp som det var lovleg � kome seg. Utsikta var glimrande, om enn forstyrra av andre forbipasserande turistar.

Etter litt stod vi i den same k�a vi hadde m�tt p� vegen opp. Bak oss stod det ein sv�r, sveitt amerikanar saman med familien sin. Han la ut i det vide og det breie alt han visste om Eiffel-t�rnet og etter kvart byar som var lista opp (med avstandar fr� Eiffel-t�rnet) rundt om i rommet vi stod i. Det meste var diverre sv�rt uinteressant, og d�trene hans var mest opptatt av � krangle seg i mellom.

Nede p� bakken att m�tte vi kj�pe oss ein is for � kj�le oss ned i det varme v�ret. Vi var ikkje dei einaste; ein liten gut s�g ut til � f� gjennomg� av bestemora fordi han ikkje klarte � bestemme seg for kva is han ville ha. Han vart berre mindre og mindre der den gamle dama stod og skjelte han ut medan ho peika vilt p� isplakaten. Ellen og eg skunda oss bort derifr�, ned til metroen att, og sette kursen mot Louvre.

Vi skj�nte ikkje at vi var i Louvre f�r vi br�tt var der. Etter � ha g�tt av metroen gjekk vi i gangar kledd i lys polert stein, noko ganske anna enn dei kvitmalte betongveggane med ein og annan flekk med fliser eller tagging, som ellers pregar slike gangar. Framf�re oss var ein stor lys hall fylt med menneske, i taket var det utsikt til himmelen gjennom ei gigantisk glaspyramide. Men vi m�tte kj�pe billettar, s� vi stilte oss i k� framfor ei rekkje billettautomatar. Det var ikkje for ingenting det var k�. Slike teknologiske l�ysingar kan by p� utfordringar for mange.

For Ellen og meg var den store utfordringa � finne ut kvar vi skulle byrja. Vi tok n�raste rulletrapp og var snart p� veg mot utstillingane, med ein liten stopp for � leige audioguider, slik boksar med ferdiginnspelte kommentarar til utstillingane. Den f�rste utstillinga vi kom til var ei samling gamle egyptiske gjenstandar. S� mange gjenstandar var det, at ein kunne lure p� om det var noko att der nede Egypt. Vi kunne nok g�tt i fleire timar og berre sett p� den eine lille delen av Louvre, men vi byrja bli svoltne, slitne i beina og hadde berre lyst ut derifr�. Men ikkje f�r vi hadde f�tt sett Mona Lisa. Ein liten kikk p� kartet avsl�rte at vi hadde ein lang tur framfor oss, sidan avdelinga med italienske kunstnarar l�g i ein heil annan del av bygget. Vi byrja vandringa.

P� vegen passerte vi flotte rom med enda flottare gjenstandar og bilete. Det mangla definitivt ikkje p� ting � sj� — om vi berre ikkje hadde vore s� svoltne. S� endeleg, etter fleire kvilepauser, var vi der. Langt der framme i folkemengda, kunne vi s� vidt skimte biletet. Men det voldsomme blitzregnet fekk oss til � lure. Vanlegvis er det ikkje lov � ta bilete i slike museum, og som forventa: D� vi kom n�rare s�g vi «fotografering forbode»-skilta, ikkje at det s�g ut til � hindre nokon. No hadde vi endeleg sett det. No kunne vi g� derifr�.

� kome seg ut av Louvre er heller ikkje s� lett, s�rleg ikkje n�r blodsukkeret er p� f�lingsniv�. Vi gjekk att og fram, gjennom dei same gangane fleire gonger, endte opp i ein blindveg og m�tte snu. Det heile vart etter kvart frustrerande. S� fann vi plutseleg vegen ut …

No var vi p� desperat jakt etter mat og drog mot Chatelet i h�p om � finne ein imeleg stad � ete. Dette skulle vise seg � vere vanskeleg. Vi var no s� svoltne at vi hadde lyst p� alt og ingenting. Det var mange stader � velje mellom, men av alle desse endte vi opp framfor ei cr�pes-bod. P� grunn av mangelen p� franskkunnskapar, s� vart det mykje peiking og teiknspr�k d� vi bestilte. Likevel endte Ellen opp med noko heilt anna enn det ho hadde trudd, noko som heller ikkje hjalp p� hum�ret. Vi pr�vde � setje oss i ein pub, men der var �len kjempedyr og vi fekk servert tapas som s�g fleire dagar gamal ut.

Oppgitt og lei, drog vi attende til herberget. P� vegen vart vi einige om at vi m�tte finne p� noko heilt anna dagen etter. Vi bestemte oss for � dra til Disneyland Paris! D� vi n�rma oss herberget var det blitt m�rkt, og m�rket avsl�rte fleire sm� opplyste koselege restaurantar — langs gata rett utanfor herberget. Vi tr�ystar oss med ein �l f�r leggjetid. I morgon skal det bli betre — h�par vi.

Interrail 2003

Forrige | Neste



S�k


Om meg

Innhald