Blank spot

Hopp til menyen


Lucy Pearl

Tirsdag 03. Juni, 2003

Bilete av coveret på albumet til Lucy Pearl

Gårsdagens fangst ved biblioteket i Bergen var mellom anna det einaste albumet som gruppa Lucy Pearl gav ut. Lucy Pearl var eit lite prosjekt starta av tre musikarar som hadde hatt suksess med kvar sine band tidlegare. Raphael Saadiq frå funk-/soulgruppa Tony! Toni! Toné!, Dawn Robinson frå vokalgruppa En Vogue og Ali Shaheed Muhammad frå rapgruppa A Tribe Called Quest blanda saman sine musikalske talent i 1999 og resultatet kom året etter med albumet Lucy Pearl.

Den som kanskje er mest kjend her til lands er låta «Don't Mess With My Man» som var ein gjengangar på radioen for nokre år tilbake. Uansett er plata fylt med fengjande låtar som lett får hovudet til gynge i takt med musikken.

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald