Blank spot

Hopp til menyen


Å gi av seg sjølv

Mandag 09. Juni, 2003

Ikkje lenge etter eg flytta til Bergen, så fann eg ut at eg kunne gi blod. Sidan eg er fødd i Noreg og har følgd det same vaksineringsprogrammet og dei same kontrollane som nordmenn, så kunne eg lata meg tappe. Så saman med ein liten gjeng frå internatet eg budde på, meldte eg meg til teneste.

Om du, som meg, held til i Bergen, så er Haukeland universitetssjukehus staden for årelating. Blodbanken i Bergen har forresten eigne nettsider, med ei side for deg som lurer på om du kan bli blodgjevar.

Donorkort

Alle døyr ein gong. Slik er det berre. Så eg tenkt å skaffe meg donorkort. Kvifor skal ikkje andre få nytte organa mine, når eg ikkje lenger kan bruke dei? Nå eg tenkjer meg om, og med fare for å verke litt platt, så er det vel ein slags resirkulering… Brosjyrer med slike kort finn ein visst på apotek, legekontor eller bibliotek, eller så kan ein skrive ut kortet frå nettstaden til Stiftelsen Organdonasjon.

Med dette kjem oppfordringa til alle andre: Gjer valet allereie no, ikkje lat dine næraste måtte gjere valet for deg i ei allereie vanskeleg tid.

Personleg

Forrige | Neste


Andre som skriv om det same

Organdonasjon — 18.06.2003
Når du dør treng du ikkje organa dine lenger. Men det gjer andre.
— Huftis’ blogg

Søk


Om meg

Innhald