Blank spot

Hopp til menyen


Meir TrackBack

Onsdag 26. Februar, 2003

Det har kome fram ein del kommentarar og spørsmål i høve til TrackBack. Slikt skjer når ein prøver ut nye ting.

Lasse lurer på eit par ting i høve til utprøvinga av TrackBack til sin blogg. Eg har ikkje peiling på kvifor han ikkje får pinga bloggen min. Men så snart eg har tid, skal dette sjekkast ut. I høve til det første spørsmålet, om TrackBack-referansar som ikkje dukkar opp, så har eg skrive ein liten kommentar nedanfor.

I sin blogg, svarar Jarle på nokre av spørsmåla til Lasse, men eg har nokre kommentarar til dette:

  • Eg treng ikkje å generere sidene på nytt for å få fram nye TrackBacks eller kommentarar, eg reknar difor med at sidene blir generert på nytt i det TrackBack blir pinga.
  • Eg opplevde, kort tid etter implementering av TrackBack, å få «tomme» TrackBack-pingar til eit av innlegga mine. Dermed kom det opp at eg hadde fått nye TrackBacks, utan at referansane kom fram. Korleis dette skjer, anar eg ikkje.

Nerdeting

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Kyrre Baker, 26. Februar 2003, kl. 15.10

Når det gjelder det siste punktet så kan det ha med implementering av selvkodet TB fra undertegnede; og i alle fall én til :-D



Søk


Om meg

Innhald