Blank spot

Hopp til menyen


Stappmett — enno

Mandag 06. Januar, 2003

Sidan eg var sjuk i jula og Ellen hadde svært lyst på vestlandsk julemat, så hadde vi pinnekjøt til middag i dag. No er det nokre timar sidan eg åt, men i skrivande stund kjennes det framleis ut som om pinnekjøtet tyt ut av øyrene mine.

Slik gjorde vi det i alle fall:

Pinnekjøt

  • Ein haug med ferdigkappa pinnekjøt
  • Ein haug med bjørkepinnar

Legg pinnekjøtet i vatn over natta, skift vatn ein gong.

Legg bjørkepinnane lagvis i botnen av panna. Plukkar du dei ute sjølv, må du ta av barken (vi kjøpte pinnar i butikken). Ha i vatn slik at det er i høgde med pinnane. Ha i kjøtet og lat det koke under lokk til kjøtet losnar frå beina. Dette tek om lag 2 timar. Pass på å evt. etterfylle med vatn.

Eg likar pinnekjøt der fettet så og seie smeltar i munnen. Dette får ein ved å brune pinnekjøtet på langpanne i ovn på sterk varme eller under grill. Nammenam.

Kålrabistappe

  • Ein kålrabi
  • Eit par poteter
  • Sjy frå pinnekjøtet
  • Evt. litt melk

Skrell og del kålrabien i små terningar og kok i lettsalta vatn i 20 minutt. Skrell og del potetene i små terningar og ha dette i kjelen saman med kålrabien og kok i yttarlegare 20 minutt.

Damp godt av kålrabien og potetene og mos alt saman. Vi nytta stavmiksaren. Ha i litt sjy og evt. melk. Smak til med salt og pepar.

Mat

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald