Blank spot

Hopp til menyen


Vêrmeldinga for i dag

Onsdag 04. September, 2002

I dag hadde vi eit svært lokalt skybrot her på Landås. Eg var på telefonen med lillesøstera mi, Jennifer, som bur i Klaus Hansens veg ved Haukeland Sykehus, då det brått byrja styrtregne utanfor. Samstundes kunne Jenny fortelje at det var opphald utanfor vindauget hennar. Bergen kan by på merkeleg vêr.

Nytt liv

Eg har forresten fått eit nytt liv med nye skjermar og handtak på sykkelen og skotrekk på beina (i tillegg til regnklede og hjelm). No endar eg ikkje lenger opp som ei dryppande, møkkete skurefille på to bein etter ein sykkeltur i regnet, og vatnet sprutar ikkje lenger frå alle kantar, ovanfrå og nedanfrå.

Takk til Sykkelsenteret og SLF for å ha gitt meg gleda over å kunne sykle tørrskodd og gjørmefri att.

Diverse , Fritid

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald