Blank spot

Hopp til menyen


Open kjeldekode

Torsdag 22. August, 2002

Eg har fått meir og meir sansen for idéen om open kjeldekode og fritt tilgjengeleg programvare. I tillegg til eit hav av små prosjekt som du mellom anna kan finne på nettstadene SourceForge og Freshmeat, kan vi vel nemne større og meir kjende som Linux, Mozilla og OpenOffice.

Berre tenk deg å kunne endre på eit program slik at det er tilpassa din bruk. I større miljø som til dømes i skular, sjukehus osb. så ville dette vore genialt. Så snart ein oppdaga at noko var gale, kunne IT-ansvarleg gjere dei naudsynte endringane. Så i staden for at ein må melde tilbake til programutviklar for å få gjort ei lita endring, så kan ein kanskje gjere endringa sjølv og så melde i frå til programutviklar. Ingen brukargrupper er heilt like. Difor vil ein møte ulike problem ved bruk av same programvaren. Ein vil kunne spare tid og pengar, og IT-avdelingar vil få meir makt over dei verktya dei nyttar.

Ein gong har eg lyst å ta del i eit slikt prosjekt, men litt meir kompetanse må til. Vegen fram er framleis lang.

Nerdeting

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald