Blank spot

Hopp til menyen


Ønskjer meg ei hylle

Fredag 30. August, 2002

Bak stolen min ved datamaskina har eg ein haug med ting og tang. Her kan finn du diverse bøker og blad, tomme og fulle CD-ar, minidisc-ar og ein minidisc-spelar, masse papir i fleire ulike bunkar, fleire bøker, fotoalbum og masse fotografiar (som snart skal limast inn i albuma). Har eg nemnt papirbunkane? Dessverre er det slik med denne haugen at det ikkje ser særleg pent ut. Det minner meir om ei søppelfylling enn noko anna, sjølv om både lukta og matrestane manglar.

Som med så mange andre materialistiske problem, så kan dette problemet løysast ved å skaffe meg enda ein ting. Ei hylle hadde definitivt ikkje vore nokon dårleg idé.

Diverse

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald