Blank spot

Hopp til menyen


Ei stor musikkhending

Mandag 05. August, 2002

4. august 2002 vil nok alltid bli hugsa som den dagen då mannen med den utrulege stemma, Bobby McFerrin, sette sitt preg på byen. I nesten to timar viste han publikum kor utruleg den menneskelege stemma er. Og vi fekk vere med!

Etter å ha høyrd på nokre av CD-ane hans, sett delar av ein konsert på TV og lest om Oslo-konserten i avisa (Dagbladet drog forresten fram terningkast seks), var forventningane til kvelden skrudd opp i skyene (eller skal vi seie den blå skyfrie himmelen). Men alle forventningane vart innfridd og meir til!

Konsertopplevinga med Bobby McFerrin var på mange måtar unik. Ikkje berre fekk vi høyre korleis mannen med dei lange rastaflettene, gjennom heile sitt stemmeregister på fire oktavar, leika seg med som bass og sopran samstundes som han sang rytme. Vi fekk òg æra av å synge med han og å bli akkompagnert av han.

Overraskingar

Ikkje nok med det, vi fekk òg oppleve samspelet mellom McFerrin, bratsj-spelar Bergmund Skaslien og pianist Leif Ove Andsnes. Dei to vart spurd om dei kunne vere på eit par spontan-nummer rett før konserten. Dei fekk ikkje ein gong helse på hovudpersonen før dei sjølv entra scena, framfor den fullsette Logen. Der oppe fekk gjesteartistane utfalde seg, medan McFerrin, som tydeleg ikkje visste kven dei to var, akkompagnerte.

I tillegg til to kjendisgjestar, fekk fleire frå publikum prøve seg som stjerne for ein kveld. Anten då Bobby McFerrin gjekk ned frå scena og sette seg ved sidan av tilfeldig valde personar for å synge saman med dei, då han spurde om å få to dansarar til å spontanframføre dans til sangen hans eller då han ba om tolv sangarar til å danne eit kor saman med han. 22 ivrige sjelar sprang fram.

Sånn for ordens skuld bør det nemnast at begge Bergens-avisene, både BA og BT gav konserten beste karakter og masse godord. Rett og slett årets konsert.

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald