Blank spot

Hopp til menyen


Det kvernar rundt i hovudet

Tirsdag 20. August, 2002

For tida har eg hatt så utruleg mykje å tenkje på: Ting eg skal gjere, ting eg skal lese, planlegge, jobbe med. Akkurat no er det som det du ser på TV, når alle sædcellene svermar rundt eggcella og berre ventar på å få kome inn. Omtrent slik er det i hovudet mitt no, med det same mengda av tankar som berre sym rundt i hjerna mi og ventar på å kome ut av sentralnervesystemet.

Kanskje det er riktig som dei seier, at menn ikkje klarer å tenkje fleire tankar samstundes. Vel, i alle fall ikkje fungere med fleire i hovudet på same tid. Det er akkurat som om fleire operasjonar kræsjar. Det gjer dei vel eigentleg òg. Det er rett og slett for få timar i døgeret. Eg skal snart lage ei fin liste som eg kan krysse ut på.

Personleg

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald