Blank spot

Hopp til menyen


Foreiningar og klubbar

Fleire og fleire klubbar og foreiningar har sine eigne nettsider, her er nokre av dei eg er medlem av.

AMO — Astronomar mot orddeling
Dei siste åra har ein helt ny måte å mishandle det norske språket på blitt meir og meir vanleg, nemleg orddeling, eller særskriving som det eigentlig heter. Ord som spisestove blir til spise stove, lammelår blir til lamme lår og hostesaft blir til hoste saft. AMO meiner at ein bør kjempe mot slik språkvandalisme med alle lovlege midlar.
HiBI — Høgskolen i Bergens Idrettslag
HiBI er eit relativt nytt idrettslag for studentar ved Høgskulen i Bergen med fleire ulike aktivitetstilbod. Mange av tilboda er opne for studentar ved andre institusjonar og ikkje-studentar. Sjølv er eg med og spelar basketball tysdagar og torsdagar.
Norsk Sykepleierforbund
Fagforeininga til sjukepleiarane, med eit samfunnspolitisk, fagpolitisk og interessepolitisk engasjement.
SLF — Syklistenes Landsforbund
Syklistane sitt eige forbund arbeider for syklistane sine rettigheiter og for tilrettelegging av vegar for syklistar. Med i medlemskapet får vi bladet «På sykkel» i posten og rabatt på registrering av sykkel hos Falken.

Søk


Om meg

Innhald