Blank spot

Hopp til menyen


OpenOffice.org 1.1

Onsdag 01. Oktober, 2003

No har endeleg OpenOffice.org 1.1 blitt ferdig. For dei som lurer på kva OpenOffice.org er, så er det kort forklart ei samling kontorapplikasjonar (skriveprogram, rekneark, teikneprogram og presentasjonar) som er kompatible med Microsoft si Office-pakke. Skilnaden er at du for OpenOffice.org ikkje betalar meir enn det kostar deg å laste ned heile programpakka.

Av det som er nytt, kan eg nemne:

  • Eksportering til PDF
  • Eksportering til Macromedia Flash-format
  • Tilpassing til funksjonshemma

Nettstaden til OpenOffice.org har ei komplett liste alle funksjonane til programpakka.

Nerdeting

Forrige | Neste


Kommentarar

Av: Karl Ove Hufthammer, 01. Oktober 2003, kl. 20.11

Men 1.1 er dessverre ikkje tilgjengelig i nynorsk utgåva enno. Følg med på http://www.openofficeorg.no/ for informasjon om når det skjer.

Forresten kom AbiWord 2.0 http://abisource.com/ nylig ut. Og den er tilgjengelig i nynorsk språkdrakt! :)


Av: Øyvind Hoven Oftedal, 01. Oktober 2003, kl. 20.44

Eg synes OpenOffice er eit akseptabelt alternativ til MS Office. Det er imidlertid saman med Linux eg er mest oppteken av OpenOffice, og her er det etter mi meining ingen betre alternativ når det gjeld fulle kontorpakker. Ser ein isolert på saka, føretrekk eg likevel AbiWord som tekstbehandlar og Gnumeric som rekneark. Men her snakkar ein vel meir om vane enn om andre faktorar.


Av: Chris, 02. Oktober 2003, kl. 14.40

Sjølv har eg vore vant med StarOffice, og sidan OpenOffice.org er avleidd av StarOffice — og gratis — så var ikkje valet så vanskeleg.

Abiword har eg ikkje prøvd før nyleg. Diverre har eg ikkje tillagt meg gode vaner i høve til stavekontroll osb. så det har eigentleg ikkje vore noko sakn. Det er vel snart på tide. Gnumeric har eg ikkje sett i det heile.


Av: Karl Ove Hufthammer, 02. Oktober 2003, kl. 16.30

Vel, personlig brukar eg ikkje vanlige tekstbehandlingsprogram, men heller LaTeX, XML er noko anna passande.

Dessverre er ikkje tradisjonelle tekstbehandlingsprogram serlig eigna til å produsera tekst med.


Av: Chris, 02. Oktober 2003, kl. 20.55

LaTeX hadde eg nesten gløymd, inntil for nokre veker sidan. Prøvde det for eitt år eller to sidan, då eg hadde cygwin installert på den berbare. For meg som er eit barn av WYSIWYG-generasjonen så verka kommando-språket vanvittig omfattande, sjølv om resultatet vart svært pent. Men no har eg faktisk inkludert LaTeX/TeX i Linux-installasjonen min, så no leikar eg meg litt med det att, for å bli betre kjend med alle kommandoane.


Av: Karl Ove Hufthammer, 12. Oktober 2003, kl. 11.45

Nokre tips om LaTeX:

Les innføringa med filnamna lshort.pdf/.ps som ligg ein eller annan plass i LaTeX-installasjonen din.

Bruk Koma-SCRIPT-klassane. Desse er betre tilpassa europeisk typografi enn standardklassane. Bruk for eksempel «scrartcl» i staden for «article».

Bruk dei norske orddelingsmønstra til Rune Kleveland, og ikkje dei som følgjer med som standard. Sjå http://folk.uio.no/runekl/dictionary.html

Hugs å spesifisera nynorsk for orddeling og anna språkspesifikt, eks.: \documentclass[a4paper,DIV11,11pt,nynorsk]{scrartcl} \usepackage{babel}

Bruk skrifta Palatino i staden for den grusomme standardskrifta. Skriv: \usepackage{mathpazo}

Linjeavstanden til Palatino er som standard for liten. Bruk derfor:

\usepackage{setspace} \onehalfspacing

Bruk: \usepackage{booktabs} og les dokumentasjonen til «booktabs» for å laga skikkelige tabellar.

LaTeX fungerer utmerka for skriving av norske brev. Bruk klassen «brev.cls»: http://home.online.no/~asgeinil/latex/ Denne har fleire gode eigenskapar. For eksempel blir mottakaradressa automatisk plassert sånn at ho passar med vindaugekonvoluttar.


Av: Karl Ove Hufthammer, 12. Oktober 2003, kl. 11.49

Ein urelatert ting til: Kan du laga ein kommentar-RSS? Det er veldig lett å gå glipp av nye kommentarar i bloggen.

Du kan godt ta utgangspunkt i malen min: http://blogg.huftis.org/malar/kommentar-rss.xml

Denne brukar ein del tillegg som du finn på: http://mt-plugins.org/

Det er so vidt eg kan sjå desse:

Regex MTBlock mt-xml-smart MTCollect


Av: Chris, 13. Oktober 2003, kl. 20.36

Tusen takk for mange gode tips! Skal sjekke desse ut. Vurderer heilt klart å gjere noko med kommentarane, gjerne ein slik “10 siste”- liste på framsida. Eg ser at eg av og til får kommentarar på gamle innlegg, lenge etter at dei er skrivne. Og evt. ein kommentar-RSS?


Av: Karl Ove Hufthammer, 09. November 2003, kl. 17.20

Angåande kommentering: Det ser ut til å vera noko feil med stilsettet (eller HTML-en) når eg tar «førehandsvising» av kommentarar.

Forresten ventar eg framleis på kommentar-RSS-en.



Søk


Om meg

Innhald