Tirsdag 17. Desember, 2002
I går hadde vi juleverkstad. Ikkje av dei mest produktive kveldane eg har vore med på, men desto meir koseleg. Gløgg, glitter, glanspapir og julebrus var viktige stikkord.
I dag har vi fått juletreet i hus, vårt første saman. I morgon skal det bli julestemning her for alvor.