Torsdag 07. November, 2002
Seint i går kveld vart himmelen brått opplyst av fyrverkeri. Røyk og eksplosjonar trengde seg inn i stova vår. Det tok litt tid før vi skjønte det, men det kunne berre vere ein grunn til bruk av slike eksplosivar denne kvelden. Brann måtte ha klart å halde seg i eliteserien.
Så medan Rosenborg feira førsteplassen i serien med ein roleg middag for nokre veker sidan, så feira Brann og supportarane 12. plassen med stor fest og fyrverkeri. Only in Bergen.