Blank spot

Hopp til menyen


Ny datamaskin — siste del

Mandag 21. Oktober, 2002

I helga har eg gjort meg kjend med den nye datamaskina som eg fekk på torsdag. Eg har mellom anna formatert heile harddisken og installert Mandrake Linux 9.0, formatert heile harddisken igjen, for så å partisjonere harddisken og få installert Windows XP, som følgde med, i den eine partisjonen. I ein av dei andre har eg installert Linux.

Meir minne, meir lagrings plass

Til den gamle, stasjonære datamaskina har eg investert i meir minne og ein ny harddisk. Så bortkasta, vil kanskje nokon seie. Dermed kan eg få meir plass til å leike meg med Linux, installere spel og laste ned musikk og filmar.

Eg tek forresten gjerne imot tips om korleis eg kan få eit USB-tastatur til å fungere med Linux.

Nerdeting

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald