Blank spot

Hopp til menyen


Gratis musikk — heilt lovleg

Mandag 19. August, 2002

Her i Bergen er vi så priviligerte å ha eit bibliotek med ei stor musikkavdeling og ei fyldig musikksamling. Her leitar eg fram musikk som eg heilt sikkert ikkje ville kjøpt sjølv, men som eg ikkje har noko i mot å høyre på.

Med Player på PC-en, kan eg enkelt laste ned opplysningar om CD-en via CDDB og evt. kopiere enkeltspor eller heile CD-en over på harddisken i OGG Vorbis-format. For kopiering av musikken er lovleg, til eige bruk.

I den siste bunken med CD-ar frå Bergen offentlege bibliotek har eg mellom anna fått med meg eit album av Wookie, frå UK garage-bølgja som ramma Noreg for om lag 2 år sidan. Wookie var ikkje av dei mest profilerte innan den sjangeren her i landet, slik som Artful Dodger eller Craig David, men i Storbritannia fekk særleg singelen «Battle» særs gode kritikkar. Og etter ei gjennomhøyring av albumet, som berre heiter «Wookie», så kan eg ikkje anna enn å seie meg einig i dei positive kritikkane.

Så om ein prøvesmak av albumet freistar, så vil i alle fall Bergen offentlege bibliotek vere staden å leite ? så snart eg har levert inn CD-en.

Musikk

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald