Blank spot

Hopp til menyen


Korleis gjere flytting til ein leik...

Søndag 20. Januar, 2002

Etter å ha pakka alle eigedelar inn i pappesker og poser, såg vi med gru på korleis vi skulle få alt frå den gamle leilegheita til den nye. Men etter nokre telefonrunder så ordna dette seg, og flyttinga gjekk som ein leik. Her er oppskrifta:

Ta to kassebilar og ein gjeng på åtte arbeidsame vener. Spe på med litt pausar og eit knust pepperkakehus. Arbeidstid: omlag 2 timar og 30 minutt med sosialt samver og to turar med to fulle bilar, akkurat tidsnok til å rekke Ally McBeal.

Eg og Ellen vil gjerne takke desse for hjelpa:

  • Jennifer
  • Magne og Elisabeth
  • Vibeke
  • Øyvind og Maren
  • Synnøve og Vidar

Ein særleg takk til Vidar som stilte opp med bil og som hjalp oss med å løfte inn den nye vaskemaskina vår dagen etter.

Hugs å få med dykk den nye adressa vår

Landåssvingen 8
5096 Bergen
Telefonnr.: 55 28 45 18

Diverse

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald