Onsdag 26. Mai, 2004
Fann ved ei tilfeldigheit dette innlegget, som eg visstnok har skrive ein for nesten eitt �r sidan, eller 18. juni 2003 for � vere n�yaktig. Innlegget ser litt uferdig ut, men eg legg det ut likevel.
P� jobb har vi ein del teknofobe damer. Ja, eg skriv teknofobe damer
, der er nemleg ikkje s� mange menn der eg jobbar. Og stadig vekk f�r eg h�yre om frustrasjonane deira over � bli pressa til � nytte nettbaserte tenester. Er det s� gale?
tenkjer eg. Men etter kvart skj�nar eg det meir. Frustrasjonane g�r ikkje s� mykje p� at tenestene er blitt nettbaserte, men meir p� at tenestene som blir tilbydd er ukomplette, vanskelege � skj�ne — ja, rett og slett lite brukarvennlege.
Sprettoppvindauge med reklame er irriterande. Ikkje berre fordi det er reklame, men fordi vindauga gjerne tek fokuset bort fr� vindauget ein jobba med i utgangspunktet. S� kvifor vel enkelte tenester � tvinge brukaren til � forhalde seg til fleire vindauge p� ein gong?
For meg som er vant med � jobbe med fleire vindauge p� skjermen samstundes, er det ikkje alltid lett � sj� kor vanskeleg det kan vere � forhalde seg til eit lite vindauge med viktig informasjon som plutseleg sprett framfor det store vindauget ein jobba med, for s� � forsvinne bak det att, fordi ein kom borti museknappen og trykte p� det store vindauget. Eller n�r tilbake-knappen br�tt ikkje virkar fordi lenkja ein trykte p� opna sida i eit nytt vindauge. Det er ikkje berre enkelt og elegant med slike l�ysingar.
Eit anna moment er det at nettbaserte tenester ideelt sett skal vere tilgjengelege 24 timar i d�gnet, alle dagar i �ret, bortsett fr� dei dagane ein faktisk har tenkt � bruke dei. Anten er det sikkerheitskopiering eller systemoppgradering som gjer tenestene utilgjengelege, eller s� har det oppst�tt ein teknisk svikt som gjer at tenestene rett og slett ikkje virkar. Ofte er �g feilmeldingane vanskelege � forst�, eller fullstendig fr�verande. � kun f� opp ein kvit skjerm n�r ein skal stadfeste bestilling av dyre togbillettar, vekkjer ikkje akkurat tilliten til tenesta.
Problem som for ein tenesteutviklar kanskje kan verke bagatellmessige, kan vere som eit uoverkommeleg fjell for ein som allereie har skrekken for tekniske dippeduttar.
Av: Chris, 26. Mai 2004, kl. 18.32
S�rleg artig var det � finne att dette innlegget, med tanke p� at eg i dag kunne lese i Tidsskriftet Sykepleien om at medikamentrekning og dataundervisning sk�rar d�rlegast blant sjukepleiarstudentar. Ei unders�king gjort av TNS Gallup for NSF Student viser at studentane var minst n�gd med undervisninga innan medikamentrekning og elektronisk pasientjournal/elektroniske sjukepleiedokumentasjonssystem, medan dei var mest positive til praksisdelen av utdanning.
Det overraskar meg heller ikkje. Det er i praksissituasjonen ein l�rer mest, og personleg synest eg sjukepleiarutdanninga har g�tt tre skritt bakover i utviklinga ved � kutte dramatisk ned p� praksisdelen til fordel for teori. Dessutan er nok gjennomsnittssjukepleiarstudenten mindre glad i matematikk og teknologi, og mest interessert i pasienten og pleie.