Blank spot

Hopp til menyen


Newcastle—London

Søndag 22. Juni, 2003

D�rleg med svevn i natt. Uvant gynging, smelling i d�rer (vi l�g heilt ved utgangen) og andre faktorar var med p� � gjere natta til ei lang aff�re. Som nemnd tidlegare, s� har vi ikkje akkurat vore heldige med b�treisene v�re.

Skipet skulle vere i havn i England f�r halv fem p� ettermiddagen, s� vi hadde mest heile dagen � sl� i hel p� b�ten. Men kva skulle vi finne p�? Vi spelte kort, eit terningspel som heiter «ti tusen» og vi sleit ut eit allereie slitt fussball-bord. D� det framleis var fleire timar til vi skulle i land, fann vi ut at det var p� tide med litt avansert underhaldning. S� vi kj�pte to billettar til den lokale kinoen, som akkurat d� viste X-Men 2, ein film vi allereie hadde sett.

Kinoen i botnen av skipet var ikkje noko imponerande syn, med eit bittelite lerret med ein matchande prosjekt�r. Prosjekt�ren hadde forresten d�rleg kontrast og teksten AV1 - Video hadde tydelegvis brent seg inn. Lyden var ikkje s� imponerande heller, d� ein s� vidt h�yrde kva skodespelaren sa i motorduren. Det mest imponerande var faktisk smella av b�lgjene som smalt mot skroget. Og etter kvart vart det berre fleire av dei.

S� var filmen ferdig og vi gjekk rastlause rundt i skipet, som lata til � rulle meir og meir. Ungar l�g str�dd rundt i gangane, mange av dei var gr�ne eller gr�bleike i andletet. Eg og Ellen merka ikkje s� mykje av sj�en, men gjekk likevel fr� den eine veggen til den andre bortetter gangane. Vi hadde pr�vd � planlegge kva vi skulle gjere, n�r vi kom fram. No visste vi kva vi skulle sj� i London, men vi var ikkje sikker p� om vi skulle tilbringe ein natt i Newcastle for s� � dra vidare, eller om vi skulle dra direkte til London. Vi skulle h�yre p� stasjonen n�r vi kom dit. S� var det p� han att med kortspel og terningspel.

Endeleg framme, med fast grunn under f�tene. Vi tok ein dobbeltdekkar til stasjonen i Newcastle, p� venstre side av vegen og forbi mange sm� murhus, som alle s�g heilt like ut. P� stasjonen fann vi ut at toget tok om lag to og ein halv time. Vi ville vere framme i �tte-tida om kvelden. Det vart bestemt: London neste!

Toget gjekk kjempefort og der sat vi, opp� sekkane v�re ved utgangen. Det var fullt i toget ellers, s� det sat ein ung mann i bl�skjorte og dressbukser p� stresskofferten sin der ute �g. Han sat og las p� den nyaste Harry Potter-boka som vel har kome ut p� denne tida. Forbi raste jorder, sm� murhus og garder som minte om gamle britiske filmar. Det var rart � tenkje p� at vi faktisk var i Storbritannia.

D� vi var framme ved Kings Cross-stasjonen nord i London var det m�rkt ute. Vi bestemte oss for � nytte den store reisehandboka vi hadde med oss for � finne overnattingsstad. S� rusla vi ut av stasjonen og ut i den m�rke, varme London-kvelden. Det var mange vegar � velje mellom, men vi bestemte oss for � finne den n�raste. Litt fram og attende mellom slitne turistar og alkoholikarar, f�r vi endeleg kom fram til m�let: Ashlee House. Vi trykka p� ringeklokka og tok tak i den tunge glasd�ra d� det summa i l�sen.

Inne i den moderne dekorerte resepsjonen, med kvite veggar og det ber�mte motivet av metro-nettverket midt i mot, vart vi m�tt av ein lys sveitt mann med australsk aksent. Vi bad om eit dobbeltrom. Resepsjonisten sa det var ganske fullt, men at han skulle ordne det for oss. Han verka noko stressa og det endte til slutt med at vi fekk eit firemannsrom for oss sj�lve. Greitt nok, det er trass alt litt billegare. Og i morgon skulle vi likevel pr�ve � finne noko som var enda billigare.

Etter � ha satt fr� oss sekkane, drog vi snart ut att for � handle inn litt kveldsmat. Eg hadde sett ein liten supermarknad som var open p� vegen og vi gjekk dit, kj�pte koppnudlar, potetgull og brus f�r vi rusla attende til herberget. Nede p� kj�kkenet sat det fire ivrige karar og s�g p� TV, eit program med morosame heimevideoar. Dei lo, h�gt, og ensa vel berre s� vidt at vi var innom kj�kkenet. Vi tilbereidde nudlane, �t, lo litt innimellom og gjekk att. I rommet ved sidan av var det ei sofagruppe og tre datamaskiner. Alle maskinene var i bruk, tre jenter sat djupt konsentrert over tastane. Ein gut sat i sofaen og las ei bok. Vi sa hei, og gjekk opp p� rommet att.

Vi er slitne no. Det gyngar framleis litt no og d� etter turen i b�t. Rommet vi har f�tt er trangt, varmt og klamt, med utsikt til bakgarden. Men det gjer nytta si, og vi skal no sove i Storbritannia for f�rste gong i v�re liv.

Interrail 2003

Forrige | Neste



S�k


Om meg

Innhald