Lørdag 21. Juni, 2003
Vi var godt f�rebudd til den f�rste dagen av ferien: Vi hadde pakka ferdig og leilegheita var rydda, s� alt vi trengde � gjere denne morgonen var � nappe leidningar ut av stikkontaktene, hive p� oss sekkane og dra av g�rde. Vi drog til byen tidleg for � hente billettane til flyet heim fr� Roma. B�de Ellen og eg hadde nye ryggsekkar, s� vi var begge spente p� sekkane ville sitje godt. P� veg ned til busshaldeplassen gjekk vi og kjende ekstra godt etter.
Vi labba f�rst til Kilroy, der flybillettane skulle hentast. Den siste veka hadde reisebyr�et vore plaga med datatr�bbel, noko som gjorde at vi ikkje hadde f�tt henta dei tidlegare. Men jammen hadde dei framleis problem. Vi fekk vite av dama bak skranken at dei skulle skrive ut billettane i l�pet av kort tid og at ho skulle ta kontakt pr. telefon n�r billettane kunne hentast. Greitt nok, tenkte vi. Klokka var halv elleve og vi trengde ikkje sjekke inn hos Fjordline f�r halv fire. Deretter drog vi ned til V�gen Fetevare for � ete frukost.
Etter ein blings og litt kaffi, vart vi m�tt av Maren og �yvind, som hadde teke p� seg ansvaret for plantene v�re medan vi skulle vere borte. S� vart vi sitjande der i eit par timar og prate. Tida gjekk og vi forflytta oss mot Kilroy att, men med ein liten stopp p� Torgalmenningen. Der feira dei nemleg «Kollektivtrafikkens dag» og vokalgruppa Nardus stod p� scena.
Klokka vart to og vi sat i lokala til reisebyr�et att, der dei framleis hadde vanskar med � skrive ut billettar. Dama bak skranken s�g litt meir stressa ut no. Vi venta og venta, fleire kundar kom, fekk beskjed om problema Kilroy hadde og gjekk att, med uforretta sak. Men s� endeleg, ti over tre, var billettane skrivne ut og vi fekk til og med 100 kroner kvar attende for bryet. Her har de til eit par ekstra �l p� b�ten,
sa reisebyr�dama, som tydeleg var like letta som oss. Men no var det berre 15 minutt att til innsjekking og vi var langt unna Skoltegrunnskaia, der b�ten «MS Jupiter» l�g.
Med sekkane v�re sm�sprang vi gjennom sentrum mot Bryggen, men etter kvart skj�nte vi at det m�tte motorisert k�yrety til for � rekke b�ten. S� vi nytta eine hundrelappen til ein taxi fr� Fisketorget og ut til b�ten. Ein litt tjukkfallen og skjeggete taxi-sj�f�r kunne fortelje at han hadde teke b�ten til Newcastle fleire gonger og sa det var ein fin tur. Vel framme fortalde sj�f�ren oss om at vi m�tte trekke k�lapp f�r innsjekking. Sveitte og med h�g puls, kunne vi endeleg stille oss i k�. Men for eit reisef�lgje! Fleire hundre sm� korpsmusikantar, v�pna med brus og sukkerty til oppunder �yrene.
Eg og Ellen har vore p� b�ttur ein gong f�r. Den gongen var det eit minicruise til K�benhavn fr� Oslo. Mamma hadde vunne turen p� eit lodd, men hadde ikkje anledning til � reise sj�lv. Den gongen var b�ten fylt til randen av pensjonistar — og oss. Til og med Knut Bj�rnsen og Kristin Johnsen var der, med eit TV shop-show, der ein kunne kj�pe kjeler og bordgrillar. Men no var det alts� hyperaktive sm�ungar vi skulle reise med.
Etter avgong fr� Bergen, �t vi middag p� ein sparsam buffet-restaurant f�r vi l�t oss underhalde av eit kaputt rallyspel og eit aust-europeisk danseorkester. Dessutan handla vi litt drikke i taxfree-butikken som vi koste oss med i liggestolane v�re.
Ein ting til: Liggestolar p� b�t er det berre � halde seg unna. Vi skal sove p� golvet, med sovepose og liggjeunderlag.