Blank spot

Hopp til menyen


Nachos

Mandag 02. September, 2002

Om ein ikkje har noko i mot halvfabrikat, s� kan nachos vere ein utruleg kjapp og enkel rett. Eg seier ikkje at ein m� lage det av halvfabrikat eller at � lage nachos fr� botnen av tek lang tid, for det har eg heller ikkje pr�vd. Her f�lgjer oppskrifta vi nyttar.

Kva trengs?

  • 400-500 gram kj�ttdeig
  • 1 glas salsa-saus
  • 1 pakke nacho-chips
  • litt riven ost

Set f�rst steikeplata p� omlag 200 °C.

Brun kj�tdeigen og hell salsa-sausen over. Lat dette putre litt f�r du spreier blandinga utover ei langpanne eller eldfast form kledd med bakepapir. Fordel nachos-flaka over kj�tdeigen og str� riven ost over flaka.

Set langpanna (eller den eldfaste forma) i ovnen og gratin�r til osten er gylden. Dette kan du servere med r�mme, guacamole og litt jalape�os til.

Mat

Forrige | Neste



Søk


Om meg

Innhald