Fredag 30. August, 2002
Bak stolen min ved datamaskina har eg ein haug med ting og tang. Her kan finn du diverse b�ker og blad, tomme og fulle CD-ar, minidisc-ar og ein minidisc-spelar, masse papir i fleire ulike bunkar, fleire b�ker, fotoalbum og masse fotografiar (som snart skal limast inn i albuma). Har eg nemnt papirbunkane? Dessverre er det slik med denne haugen at det ikkje ser s�rleg pent ut. Det minner meir om ei s�ppelfylling enn noko anna, sj�lv om b�de lukta og matrestane manglar.
Som med s� mange andre materialistiske problem, s� kan dette problemet l�ysast ved � skaffe meg enda ein ting. Ei hylle hadde definitivt ikkje vore nokon d�rleg id�.